annonse

Skuffa Rommetveit

Skuffa
Skuffa: Magne Rommetveit (Ap) saknar meir pengar til lokale vegprosjekt og tiltak mot arbeidsløyse i det nye statsbudsjettet. (Foto: Andrea Rygg Nøttveit / arkiv)

Magne Rommetveit (Ap) er ikkje særleg imponert over regjeringa sitt budsjettforslag.

Anita Haugland

– Dei uttaler at samferdsel er den store vinnaren, men eg kan ikkje sjå noko til det i Sunnhordland 2018, seier Rommetveit, som nyleg har blitt valt ut til å representera presidentskapen på Stortinget.

Han seier at løyvingane til lokale vegprosjekt som blir lista opp, er summar som alt har lege inne.

– Når det gjeld E39 er det berre sett av planmidlar, som alt har vore lagt inn. I tidlegare valkamp har både Solberg og Hareide lova oppstart av Hordfast i 2018, men eg kan ikkje sjå noko til dette her, seier stortingspolitikaren frå Stord.

Han seier at tunneloppgraderingane kjem på bakgrunn av eit EU-direktiv, og vil av den grunn ikkje hylla regjeringa for at dette desse midlane no er sett av.

Noko som derimot kan ha innverknad lokalt, meiner Rommetveit, er at regjeringa no legg opp til å fjerna tiltakspakkane på Vestlandet.

Les også: Meir pengar til kommunane i statsbudsjettet

Dei sista åra har Høgre-Frp-regjeringa, med stønad frå KrF og Venstre i Stortinget, løyvd ni milliardar kroner til dei delane av landet som blei hardast råka av oljeprisfallet.

Ifølgje E24 skreiv Siv Jensen sitt eige embetsverk i eit arbeidsnotat i mai at no er det stopp, og at «det de nærmeste årene ikke er rom for noen ytterligere opptrapping av bruken av oljeinntekter, etter en betydelig opptrapping siden 2001».

– Sjølv om fleire har komme seg ut i arbeid er det framleis store delar av industrien som slit på Vestlandet. Når regjeringa no kuttar ut tiltakspakkane på sørvestlandet, så håpar eg dei har ein beredskap om det skulle oppstå store vanskar, seier Rommetveit.

– Er du skuffa over forslaget til statsbudsjettet?

– Ja, eg er skuffa. Det viktigaste for min del er å sikra arbeid til innbyggjarane, og eg er redd for at dette budsjettet er for lite offensivt. Me veit kor sårbare me er.

Han synest også at det blir satsa for lite på lærarar.

– Me ser ikkje konsekvensane no, men det ligg an til at me har for få lærarar både i småskulen på lærarutdanningane i åra som kjem. Eg meiner satsinga burde vore større.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* indicates required
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut