annonse

Skum i sjøen var vask

SKUM
SKUM: Dette skummet kjem frå vask av tankar om bord i brønnbåten «Kirsti H». (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
REAGERTE
REAGERTE: Fleire tok kontakt med Sunnhordland fredag, og tipsa om skum bak brønnbåt. (Foto: TIPSAR)

Fleire reagerte på skum bak båten «Kirsti H».

Olav Røli

Sunnhordland fekk fredag ettermiddag fleire meldingar om at kom ut eit kvitt skum bak båten «Kirsti H», som ligg på Nattrutekaien.

Kaptein Hans Petter Turøy om bord i brønnbåten fortel at dei i dag har hatt servicefolk om bord, og at dei vore med og vaska tankane.

– Dette er heilt ufarleg såpeskum, og vask av tankar er noko brønnbåtar gjer jamleg. Stoffet me brukar er godkjent av Mattilsynet, seier han til Sunnhordland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut