annonse

Slåst på Leirvik

LEIRVIK
LEIRVIK: To menn i 30-åra slåst på Leirvik tidleg laurdag morgon. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Ingen alvorleg skada.

  • Ole Alexander Saue

Det var klokka 08:45 at politiet fekk melding om uro i Borggata i Leirvik sentrum laurdag morgon. Då dei kom til staden var det to personar som hadde hamna i bakken, og pådrege seg skrubbsår, etter ein slåstkamp.

– Ingen skada, skriv politiet på Twitter om dei to mennene i 30-åra.

Andre Skram Hansen i Sørvest Politidisdtrikt fortel til Sunnhordland at dei hadde vore ute på byen, og mest sannsynleg haldt det gåande på nachspiel.

– Det kom inn ei melding om amper stemning i Borggata. Dei framsto som om dei hadde haldt det gåande etter å ha vore ute, seier han til Sunnhordland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.