annonse

Slik blir Storapride

KLOKKA 14.00:
KLOKKA 14.00: Paraden har avgang frå torget rundt klokka 14.00. Her er eit bilete frå i fjor. (Foto: Ingvild Siglen Berger/Arkiv)

Det ligg an til å bli ein folkefest i Leirvik sentrum laurdag.

Marius Knutsen

Klokka 13.00 melder arrangørane at oppstillinga til paraden byrjar. I timen før blir det sal av Pride-effektar i sentrum.

Ei rekkje organisasjonar og idrettslag har alt meldt at dei stiller.

Les også: Ordføraren går først

Klokka 13.45 byrjar appellane, det blir også musikk før paraden går frå torget rundt klokka 14.00.

Storapride-leiar Anna Sofie E. Valvatne, leiar i utdanningsforbundet Stord Tor Jæger Koppang og forfattar og aktivist Kim Friele held appellane. Stord-bandet Goldlog spelar musikk.

Les også: Difor heiser ho ikkje regnbogeflagget

Ankar du på vêret? I skrivande stund ser det ut til å bli godvêr mellom klokka 12.00-15.00.  Byevêret som skal prega resten av dagen, og helga, stoppar opp ifølgje yr.no.

I kveld blir det dragshow med den oslobaserte drag-gruppa Princessilicious på Arena.

Også søndag er det mogeleg å støtta seg til arrangementet. Då blir filmen PRIDE vist gratis i kulturhuset.

Les også: Sju gode grunna til å delta på Pride

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut