annonse

Slik feirar dei fredsdagen

Fredsdag
FREDAG: CISV vil gjera meir ut av FN sin internasjonale fredsdag, og inviterer til venskapleg dyst på torget 21. september. Om desse to stiller er ikkje godt å seia. Men rådmann Magnus Mjør og Britt Nelly Hystad Barane frå Sjukepleiarforbundet stilte iallfall sporty opp på aktivitetsdagar på torget for eit par år sidan. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

CISV utfordrar lag og organisasjonar til å bli med og markera FN sin internasjonale dag for fred 21. september.

Magne Kydland

21. september blir den internasjonale fredsdagen feira verda over. Tradisjonen tru skipar CISV Sunnhordland til eit arrangement på Torget på Leirvik. No utfordrar dei folk, lag og organisasjonar til å stilla.

– Årets markering blir ei uhøgtidleg, sportsleg tevling i venskapleg ånd. CISV utfordrar andre organisasjonar til å stilla med eit lag på fire personar. Frivilligsentralen Stord stiller med utstyr frå den nyopna BUA. Saman vil me retta fokus på korleis me alle kan vera med på å skapa ei meir fredeleg verd, og feira vår eigen fridom gjennom leik og moro. Tevlinga passar like godt for barn som for vaksne, heiter det i pressemeldinga.

Følgjande er utfordra til å stilla lag med fire personar:

• Ordføraren

• IKK

• Røde Kors

• Norsk Folkehjelp

• Redd Barna

• Bygdekvinnelaget

• Kunstlaget

• Stord Parkour

• Heiane mottak

• Litlabø mottak

• IL Trott

• IL Solid

• Stord IL

– Det er lov til å stilla med så mange innbytarar ein sjølv ønskjer, presiserer arrangørrane.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.