annonse

Slik kjem du deg gjennom julebordet

Julebordsesong
Julebordsesong: Julebordsesongen står for tur, og tradisjonen tru er det alltid nokon som ikkje klarar å styra alkoholinntaket, noko som kan føra til at det kanskje ikkje blir like kjekt å gå på jobb på måndagen. Dette biletet er få Stord sjukehus sitt julebord på Stord Hotell for tre år sidan, og er berre brukt som illustrasjonsfoto. Her gjekk det føre seg i fornuftige former. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / illustrasjon)
AV-OG-TIL sine råd om alkoholhandtering for julebordsvertane:

Seks prosent av dei som har vore på julebord på Stord har opplevd ubehagelege situasjonar fordi kollegaer har vore rusa.

Magne Kydland

Me nærmar oss jul og høgtid, og med det òg ei lang rekkje festlege, og potensielt fuktige, samvær. Mellom anna julebordet med jobben.

– Det er store forventingar til julebordet, og for mange er det eit kjærkomme høve til å pynte seg, ete god mat og slå ut håret med kollegaene. Diverre fører dei fuktige samværa òg med seg uønskte hendingar, åtvarar Elise Nyborg Eriksen, fungerande generalsekretær i AV-OG-TIL.

Ubehageleg på julebord

I ei undersøking som Ipsos har gjennomført for AV-OG-TIL i år, seier seks prosent av dei spurde i Stord kommune at dei har opplevd ubehagelege situasjonar fordi kollegaer har vore rusa.

– Uansett kor mange som svarar ja på dette spørsmålet, er det for mange. Arrangement i regi av arbeidsplassen skal vera noko alle tilsette kan vera med på, og det skal skapa glede og godt samhald. Overstadig rusa kollegaer kan gjera det utfordrande, seier Eriksen.

Råd til arbeidsgjevaren

Innbyggjarane på Stord er på langt nær dei einaste som har hatt ubehagelege opplevingar på julebord. På landsbasis svarer 12 prosent det same.

– Julebordet er til for dei tilsette og er på ein måte ei feiring av innsatsen i året som har gått. Då er det leitt om det blir prega av uheldige hendingar. Det er ikkje alltid lett for arbeidsgjevarar å vite kva dei kan gjera, difor har me nokre råd som kan vera til hjelp. Forhåpentlegvis vil det hjelpe tilsette og leiarar å ta med seg godt alkovit inn i julebordsesongen, seier  Eriksen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut