annonse

Slik vil rådmannen spara pengar

Skatteauke
Skatteauke: Magnus Mjør legg fram eit budsjett med auka eigedomsskatt og ei lang rekke kuttforslag. (Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV)
FEM PROMILLE
FEM PROMILLE: Med den føreslegne skatteauken vil eigedomsskatten på næringseigedommer vera fem promille. (Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV)
MOT-SLUTTEN?
MOT-SLUTTEN?: Rådmannen foreslår å seia opp MOT. Her Hans Petter Almås og Martin Vik. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Rådmann Magnus Mjør foreslår å ta inn ti millionar kroner meir i eigedomsskatt. Fritidsklubbane, MOT og skeisebanen er blant tiltaka han ikkje har funne pengar til.

Hilde Vormedal Nybø

Blir rådmannen sitt forslag til budsjett vedteke så vil store grupper i kommunen merka at livreima er stramma inn. Ikkje minst på grunn av eigedomsskatten. Sjå nokre av punkta i kuttlista lengre nede i saka.

50 millionar

Totalt vil rådmannen ta inn ti millionar meir i eigedomsskatt ved å heva eigedomsskatt for bustader og fritidseigedomar med 0,5 promille, og eigedomsskatt for tomter og næring med éin promille. Blir det vedteke så vil Stord kommune ha ein skattetakst på 2,5 promille for bustad og fritidseigedommar og fem promille på tomter og næring. Totalt reknar kommunen då med å ta inn dryge 50 millionar kroner i eigedomsskatt.

Strekkjer ikkje til

– Arbeidet med 2019-budsjettet har likevel vore spesielt krevjande. KS hevdar at den faktiske realveksten i regjeringa sitt kommuneopplegg er 0,0 prosent, og veksten i frie inntekter dekkjer også knapt 2/3 av kommunen sin løns- og pensjonsvekst. I tillegg har kommunen måtta finansiera opp pedagognorma i barnehagane, og den nye lærarnorma har for Stord sin del har heller ikkje vore fullfinansiert. Det er fleire nye tiltak i barnevernet og auka tenesteyting innanfor særleg heimebaserte tenester. I tillegg skal kommunen betala 14 millionar meir i renter og avdrag til neste år, skriv rådmann Magnus Mjør i eit samandrag.

Med forslaget som rådmannen legg opp til kjem kommunen ut med eit årsresultat på 23,3 millionar kroner. Politikarane har tidlegare hatt som regel at eigedomsskatten ikkje skal brukast til drift. Hadde dette blitt følgt opp så skulle talet vore 50 millionar kroner.

FEM PROMILLE
FEM PROMILLE: Med den føreslegne skatteauken vil eigedomsskatten på næringseigedommer vera fem promille. Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV

Nye kampar

På kuttlista finn ein forslag som har gått igjen i fleire år. Rådmannen vil kutta Harry og Litlabø fritidsklubbar, og avvikla Måndagsklubben og Onsdagsklubben frå og med hausten. MOT står igjen på kuttlista. Også Frisklivssentralen er føreslege kutta som den også er tidlegare.

Stord kommune har tidlegare hatt trepart-prosjektet «Saman om» som skulle finna innsparingar internt på 3,2 millionar kroner. No er det stroke. Rådmannen skriv at dette ikkje har synt seg  å vera eit eigna forum for å arbeida med konkrete innsparingar.

Politikarane får forslaget til budsjett i kommunestyret i dag. 7. november skal formannskapet leggja budsjettet ut til alminneleg ettersyn. 13.–15. november blir det budsjetthøyringar. Kommunestyret vedtek endeleg budsjett og økonomiplan 29. november, og komiteane skal handsama detaljbudsjett 11.–13. desember.

MOT-SLUTTEN?
MOT-SLUTTEN?: Rådmannen foreslår å seia opp MOT. Her Hans Petter Almås og Martin Vik. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Dette vil rådmannen kutta

1. Harri og Litlabø fritidsklubbar, Måndagsklubben og Onsdagsklubben vert avvikla frå og med hausten 2019.

2. Stimuleringstilskotet for arbeidstakarar over 62 år vert avvikla frå og med 2019.

3. Stord kommune seier opp medlemsskapet i MOT frå og med hausten 2019.

4. Frisklivssentralen vert avvikla frå og med 2019.

5. Kommunestyret ber rådmannen vurdera å redusera tal senger på rehabiliteringssenteret, med siktemål å oppnå stordriftsfordelar for dei ordinære sjukeheimsplassane.

6. Kommunestyret vil avvikla dagtilbodet i Vidsteentunet og gje brukarane eit alternativt tilbod på Sæbø gard. Kommunestyret ber rådmannen om å koma tilbake med ei sak om alternativ bruk av bygget.

7. Kommunestyret ber rådmannen om å i ei eiga sak vurdera å avvikla kommunen sine bustader i Saghaugen. Bebuarane skal få tilbod om nye bustader, på Haga eller i andre bufellesskap.

8. Kommunestyret vedtek å avvikla døgntilbodet i Åkervikåsen frå og med april 2019.

9. Kommunestyret vedtek å stenga skeisebanen frå og med sesongen 2019–2020. Samstundes vert ordninga med byggvakt kvardag og helg mellom klokka 15.00 og 07.30 avvikla.

Dette har ein funne pengar til

1. Kommunestyret ber rådmannen å ta initiativ til å oppretta barnevernsvakt for dei tre samarbeidskommunane frå og med hausten 2019.

2. Kommunestyret ber rådmannen vurdera om kommunen skal starta opp eige produksjonskjøken og overta matlaginga for bebuarar i institusjonane med fleire når avtalen med den eksterne leverandøren går ut.

3. Kommunestyret løyver 150.000 kroner til ein forstudie som skal vurdera nye lokale for Hamna, Maris og LAR-senteret. Komité for rehabilitering, helse og omsorg får fullmakt til å ta stilling til plassering av tenestene.

4. Kommunestyret løyver 400.000 kroner samla til lag og organisasjonar (integrering), Stord maritime museum og oppfølging regional museumsplan. Komité for næring, miljø og kultur skal fordela løyvinga i samband med handsaminga av detaljbudsjettet.

5. Det er sett av 100.000 kroner til å greia ut om kommunen skal ha eige kjøken og overta matlaginga sjølv når avtalen med den eksterne leverandøren går ut.

6. Det er sett av 14 millionar kroner til rackethallen på Vikahaugane. Det endelege omfanget av prosjektet skal leggjast fram i ei eiga sak.

Dette er det planar om

1. Kommunestyret legg til grunn at rådmannen arbeidar vidare med dagkasernering av brannstellet og at det samstundes vert lagt til rette for å organisera kommunen sitt bilhald (verkstad m.m.) med base på brannstasjonen på Vabakkjen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut