annonse

Slo alle rekordar

SAMLA INN
SAMLA INN: Anne-Grete Sandtorv (til v.), Gaute Epland og Hege Aas Vad ringde rundt til næringsliv og organisasjonar torsdag, saman med Sveio-ordførar Jorunn Skåden og Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland. Resultatet vart ny rekord. (Foto: INGVILD SIGLEN BERGER)

Næringsliv og organisasjonar på Stord bidrog med heile 168.904 kr på 2,5 timar.

Ingvild Siglen Berger

I dag var det tid for ringedugnad i anledning årets tv-aksjon, der innsamlinga går til Kirkens Bymisjon sitt arbeid.

Ifølgje giverstafett.no vart årets innsamla beløp frå næringsliv og organisasjonar på Stord heile 168.904 kr fordelt på 54 gjevarar.

Desse gav pengar i tidsrommet 10.30 til 13.00 torsdag då ringedugnaden heldt på.

I fjor bidrog næringslivet i Stord kommune med 135.833 kr til aksjonen, fordelt på 35 bidragsytarar med over 3800 kr i snittgåve.

Året før var beløpet på 78.670,-, medan det i 2015 var på 57.079 kroner. Det innsamla beløpet har med andre ord altså stige jamt og trutt dei siste åra.

Det var Stord-ordførar Gaute Epland, Hege Aas Vad i Sunnhordland Naturgass, Anne-Grete Sandtorv i Stord Næringsråd, Sveio-ordførar Jorunn Skåden og Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland som stod for ringeinnsatsen på rådhuset.

Les også: Stord treng fleire bøsseberarar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut