annonse

Snart er representantane i Stord og Fitjar klare

Personane
Personane: Etter klokka 17 får me vita kva personar som skal sitja i fleire kommunestyre i Sunnhordland. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Kva representantar som kjem inn i kommunestyret i Stord og Fitjar blir klart etter klokka 17 i dag.

Hilde Vormedal Nybø

Då er det siste frist for seint innkomne røyster, forklarar Marit Åkra som er øvste leiar for valet i Stord, til Sunnhordland.

I og med at det er høve til å føra opp kandidatar frå andre lister og for å gje ekstrarøyster, så er det ein del ting som kan skje. KrF på Stord hadde til dømes kumulert tre kandidatar, men fekk berre inn to representantar. Kven dei to blir, blir då avgjort av slengjarar og personrøyster. Tilsvarande er situasjonen i SV, der fire kandidatar var kumulert, men berre to får plass.

I Frp blir det i stor grad opp til veljarane kven som kjem inn på dei seks plassane, i og med at partiet berre har kumulert Sigbjørn Framnes og Marte Tveita Djuvsland.

I Fitjar er det enda meir som står på spel. Her er det venta at Harald Rydland og Sigurd Andre Maraas vil få mange slengjarar. Dette kan også påverka fordelinga av det siste mandatet mellom dei to partia.

Få med deg alt frå valet her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut