annonse

Snart klar for opning på Stord

KLAR
KLAR: Stein Olsen og Haugli Bakeri ser fram til å opna på Stord, nærmare bestemt i dei gamle lokala til Vaagens Blomster. Han fortel om hektisk aktivitet før opninga. (Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV)

Haugesund-bakeri opnar på Amfi-senteret fredag.

Olav Røli

Det Haugesund-baserte Haugli Bakeri opnar fredag dørene til sitt nye bakeriutsal på Amfi Leirvik.

– Bakgrunnen for etableringa er kombinasjonen av at Haugli Bakeri AS ynskjer å utvida sitt nærområde innan leveransar av brød, kaker og andre bakarvarer på Haugalandet, og at Leirvik Dampbakeri gjekk konkurs no i vinter, skriv Stein Olsen, dagleg leiar i Haugli Bakeri Produksjon AS, i ei pressemelding.

Dei meiner interessa for bakeriet er stor i området, og seier mellom anna at over 100 personar søkte jobb då dei lyste ut at dei skulle opna på Amfi.

– Ni personar, i ulike storleikar på stillingar, er tilsett, og me ser fram til ein spennande opning, skriv Olsen.

Bakeriutsalet skal profilera seg på nysteikte bollar og bakarvarer, smørjing av påsmurt, levering av kaker, og det meiner er distriktet sine beste kaffimaskinar.

– Me er overtydd om at dette kjem til verta ein suksess, skriv Olsen.

Det er Haugli Bakeri Butikk AS som er selskapet bak etableringa. Dei har frå før 11 bakeriutsal frå Kopervik i sør, til, frå fredag, Stord i nord.

Selskapet omsette for 40,5 millionar i 2016, og hadde eit resultat før skatt på 142.000 kroner. Dei er eigd av Haugli Bakeri AS, som igjen er 100 prosent eigd av Haugli AS.

LES OGSÅ: Endeleg er Kringlo opna igjen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut