annonse

Solid resultat for Kværner

Godt år
Godt år: Kværner hadde eit aktivt og godt økonomisk år i fjor, blant anna pga. jobben med å oppgradera Njord-plattforma. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Ordrereserve på 8,1 milliardar kroner, og konsernsjefen ser lyst på 2018 og 2019.

Magne Kydland

– Kværner leverte igjen gode resultat, både i fjerde kvartal og for året 2017. Totale driftsinntekter var på 1,8 milliardar kroner i årets siste kvartal, med eit resultat før skatt på 234 millionar kroner. Resultata er noko høgare enn i same periode i 2016. Kværner sin ordrereserve var på 8,1 milliardar kroner ved utgangen av 2017, opp frå 6,5 milliardar kroner eitt år tidlegare, skriv selskapet i ei pressemelding.

Resultatet for heile året enda på 846 millionar kroner, opp frå 741 millionar kroner i 2016. Totale driftsinntekter vart 7,6 milliardar kroner i 2017, mot 10,4 milliardar kroner i 2016. Driftsmarginen for 2017 var på 11,1 prosent, opp frå 7,1 prosent i 2016.

– Oljeindustrien har vore gjennom tre år med store marknadsendringar, og me er nøgde med at Kværner er eitt av få selskap som har klart å levere solide resultat gjennom kvart einaste kvartal i denne perioden. Me ser no at nedgangen i marknaden er i ferd med å flate ut, og me forventar at nokre få, men viktige prospekt blir avgjort i løpet av 2018 og 2019, seier Jan Arve Haugan, konsernsjef i Kværner.

Med eit lågare marknadsnivå enn for tre år sidan, og framleis hard konkurranse, er det viktig for Kværner å halde fram arbeidet med kostnads- og produktivitetsforbetringar.

– Styret har ikkje foreslått utbytte på dette tidspunktet. Ein robust balanse og kontantbehaldning er viktig for å sikre motstandskraft og fleksibilitet til å forfølge strategiske utviklingsmogelegheiter, heiter det i pressemeldinga.

– Me har uttalt at me skal vidareutvikla Kværner strategisk i segment nærliggjande til våre tradisjonelle marknader, slik at me kan dra nytte av vår leiande kompetanse og fasilitetar. Me har no etablert ei utvida nærvær i fleire vekstsegment, noko som gir Kværner fleire bein å stå på. Vår langsiktige ambisjon er å auka Kværner sine aktivitetar endå meir, seier Haugan.

Ordreinngang i fjerde kvartal 2017 var på 1,7 milliardar kroner, samanlikna med 768 millionar kroner i fjerde kvartal 2016. I etterkant av kvartalet har Kværner blitt tildelt to kontraktar for demolering av plattformer.

I løpet av første kvartal skal truleg Statoil dela ut hovudkontraktane for Johan Castberg, eit stort oppdrag som Kværner truleg ligg godt an til å få. Hovudkonkurrenten er naboen Aibel i Haugesund.

magne@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut