annonse

Sorada siktar seg inn mot nattlivet

HEMMELEGHEITSFULL
HEMMELEGHEITSFULL: Tony Sorada har fått ein ny samarbeidspartnar og fortel om tydelege endringar i konseptet til restauranten i desember. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Dei siste par dagane har Sorada Thai Restaurant på Stord vore stengt.

Henrik Mundal Andreassen

Dagleg leiar Tony Sorada fortel at store ting held på å skje for den populære thaimat-restauranten i Fengselet på Stord.

– Me beklagar at me ikkje har fått ut opplysinga ut på Facebook, men det har gått veldig fort i svingane dei siste dagane. Me har fått tak i ein god samarbeidspartnar, og kjem til å lansera eit nytt konsept, seier han til Sunnhordland laurdag.

– Me reknar med å vera klar med matlaginga att i løpet av veka, medan me siktar oss inn mot offisiell opning av konseptet om omlag ei veke, seier Sorada.

– Me ønskjer ikkje å seia så mykje meir akkurat no enn at me trur at dette kjem til å vekkja nytt liv i nattlivet på Stord, seier Tony Sorada.


Les også: Sorada har fått nytt serveringsløyve

Les også: Slik gjekk det med profilane i utelivsbransjen


 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut