annonse

Søviknes var full av beundring

– VELKOMMEN!
– VELKOMMEN!: Her ønskjer olje- og energiminister Terje Søviknes gigantiske Aasta Hansteen-understellet velkommen til Klosterfjorden. (Foto: OLE ALEXANDER SAUE)
GIGANTISK
GIGANTISK: Understellet til Aasta Hansteen er 200 meter høgt og veg 46.000 tonn. No er det på plass i Kvinnherad. (Foto: OLE ALEXANDER SAUE)
VISER FRAM
VISER FRAM: Terje Søviknes nytta sjansen til å visa fram Aasta Hansteen-understellet i direktesending til alle hans 14.000 følgjarar på Facebook. (Foto: OLE ALEXANDER SAUE)
Skal snuast
Skal snuast: Snuing av understellet skal gå føre seg i Klosterfjorden i midten av juli. (Foto: OLE ALEXANDER SAUE)

Natt til søndag kom Aasta Hansteen-understellet til Sunnhordland.

  • Ole Alexander Saue

Olje- og energiminister, Terje Søviknes, tok turen med toppar frå Statoil og Technip for å ynskja understellet til verdas største spar-plattform velkommen til Sunnhordlandsbassenget.

Imponert statsråd

– Dette er heilt fantastisk. Her set ein rekordar, i tillegg til at nye prosjekt vert utvikla. Det er ingeniørkunst av øvste kvalitet. Det viser berre kva dette bransjemiljøet har klart gjennom 50 år med olje- og gassutvikling på norsk sokkel, seier Søviknes.

Som seg høyr og bør skryt Søviknes òg av Kværner medan han er på besøk.

– Kværner har, i likskap med mange andre selskap, vore flinke til å kutte kostnadar der dei kan. Det har vore eit race i leverandørindustrien desse to-tre åra. Det var tøft, men samla sett er leverandørindustrien betre rusta til å møte internasjonal konkurranse enn nokon gong.

No er det 200 meter lange og 46.000 tonn tunge understellet på plass i Høylandsbygd i Kvinnherad, kor understellet skal ballasterast og stillast på høgkant før det vert taua til Digernessundet. Der skal Kværner ferdigstilla understellet, på oppdrag for Technip.

GIGANTISK
GIGANTISK: Understellet til Aasta Hansteen er 200 meter høgt og veg 46.000 tonn. No er det på plass i Kvinnherad. Foto: OLE ALEXANDER SAUE

Verdas største

Det er drygt to månadar sidan verdas største tungtransportfartøy «Dockwise Vanguard», med Aasta Hansteen-understellet med på lasset, blei taua ut av dokken i Sør-Korea.

– Det er verdas største spar-plattform, den første i sin sort som vert bygga av Statoil, den første som er brukt i Norskehavet, i tillegg til at det er første gong me nyttar stålrøyr for å ta inn brønnstraumen, seier prosjektleiar Stig-Arne Witsø i Statoil til Sunnhordland.

Toler hardt vêr

Aasta Hansteen er bygd for 25 års levetid.

– Ei spar-plattform gjer at den får veldig lite horisontal-rørsle, sjølv om det er kraftige vêrforhold i Norskehavet. Det er viktig for å trekkja inn gassrøyra.

osaue94@gmail.com

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut