annonse

Spekkhoggarar i intens jakt etter hjelpelause niser

Nådelaus
Nådelaus: Her har ein av spekkhoggarane fangsten i kjeften. Ifølgje vitne heldt flokken det gåande i opp mot 20 minutt før kvalane forlet vika som vender mot Skånevikfjorden. (Foto: Skjermdump frå video)
Oppleving
Oppleving: Jahn Erik Lindholm og familien vil seint gløyma det dei såg på sjøen søndag. (Foto: Privat)
Organiserte
Organiserte: Flokken på åtte-ti dyr jobba på lag. (Foto: Skjermdump frå video)
Spekkhoggar

Jahn Erik Lindholm (32) og familien blei vitne til eit heftig naturdrama – rett utanfor huset sitt – då svoltne spekkhoggarar slo til i flokk.

Vidar Hope

Det er ein roleg dag på Halsnøy søndag ettermiddag då Lindholm sin sambuar, Silje Bjørgen, høyrer pustelydar i vika 50 meter nedanfor huset deira i Stølsvik. Slike lydar har dei høyrt mange gonger før når nisene kjem inn frå Skånevikfjorden og jaktar nær strandsona. Men ikkje så høge pustelydar som no.

– Sambuaren min høyrte etter kvart endå sterkare pustelydar. Eg sat inne då ho ropte at eg måtte komma meg ut i ein fei. Og der ser me spekkhoggarane komma inn i vika, seier Lindholm.

Grunt farvatn

Han meiner det må ha vore åtte-ti spekkhoggarar som rett framfor nasen hans dreiv ei intens jakt etter niser.

– Eg får frysningar når eg snakkar om det igjen no. Dei kom i stor fart heilt inn i vika, og me fekk sjå ein brutal kamp i naturen. Ein spekkhoggar hoppa opp i overflata med det som ser ut som ei nise i kjeften. Det verka som dei var organiserte og hadde ein plan. Nokre heldt vakt utpå sjøen, medan andre jaga inne i vika, seier han.

Oppleving
Oppleving: Jahn Erik Lindholm og familien vil seint gløyma det dei såg på sjøen søndag. Foto: Privat

Den 32 år gamle halsnøybuen er automatikar og jobbar for tida på Johan Sverdrup-prosjektet. Han har aldri sett spekkhoggarar i denne vika før. Det er det heller ingen andre av naboane som har, seier han.

– Det er ikkje meir enn 10-20 meters djupne her. Likevel tok dei seg heilt inn til flytebryggja, forklarar Lindholm. som filma ein del av sesansen.

Vil ikkje bada

Etter kvart som bataljen utvikla seg, kom det fleire naboar til. Også dottera Hannah (4) og den snart seks år gamle sonen Olav fekk med seg dramaet, som skjedde i 14.30-tida.

– Dottera vår var skeptisk og heldt seg på avstand. Ho sa noko om at ho ikkje har lyst til å bada her med det første. Sonen synest det heile var imponerande, forklarar Lindholm.

At det dukkar opp niser der er eit heilt vanleg syn. Spekkhoggarar derimot ...

– Dei må ha vore svoltne. Plutseleg blei det heilt stille. Det flaut blod og restar av fisk på overflata. Måsen kom kjapt til då det roa seg, forklarar Lindholm.

Organiserte
Organiserte: Flokken på åtte-ti dyr jobba på lag. Foto: Skjermdump frå video

Fleire observasjonar

8. mars kom stordabu Asmund Aasheim og kollegaen hans Bjørn Roger Haugen tett på ein flokk med spekkhoggarar i Bømlafjorden.

Otte Bjelland frå Stord er forskar ved Havforkingsinstituttet i Bergen. Me har vist han videoen frå Halsnøy.

– Det har i grunn vore opplese og vedteke at norske spekkhoggarar først og fremst et fisk, og særleg sild. Men tilbake i 2012 blei det fotografert ein spekkhoggar i Eikelandsosen som jakta på nise. Det kan jo vera dei i det siste har spesialisert seg på nise som byttedyr. Og det kan vera at dette er same flokken, seier han.

Medan spekkhoggarar tidlegare var eit heller sjeldan syn i våre fjordstrøk, meiner Bjelland det no er nærmast ei årleg hending at kvalen blir observert her.

– Det første ein kunne tenka er at nisene og spekkhoggarane på videoen jaktar saman. Men det ser faktisk ut som at nisene er byttet, seier han.

Sjå video i toppen!

Her ved Stølsvik på Halsnøy dukka flokken opp.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut