annonse

Spennande tider i vente

SPENNANDE
SPENNANDE: Det nærmar seg avklaring av kven som får den store kontrakten med Johan Castberg. Det kan komma på toppen av mange andre spennande nyhende for regionen. (Foto: ILLUSTRASJON)

  • Leiar

Lokalt næringsliv går så det susar for tida, og sist veke var prega av mange gode og spennande nyhende: Først og fremst at det for tida er rekordlåg arbeidsløyse i distriktet. Det er gledeleg. Å gå arbeidslaus er noko av det verste som kan skje, og slikt går ut over både sjølvkjensle og økonomi. Difor er det godt å konstatera at arbeidsløysa no er nede i 2,4 prosent, noko som er godt under både lands- og fylkesgjennomsnittet.

Mykje skjer i lokalt næringsliv, både i Stord, Fitjar, Bømlo, Kvinnherad og Tysnes. I Fitjar er det stor aktivitet, anten me snakkar om FMV, vindmøller eller Sjøtroll si utbygging i Kjærelva. I Kvinnherad jublar dei enno over meldinga om at Hydro Husnes skal starta opp att produksjonen i b-hallen, noko som får store ringverknader. På Tysnes var sist veka prega av gode nyhende i form av kontrakt til Heis-Tek, og melding om at Alsaker Fjordbruk skal byggja nytt administrasjonsbygg på Onarheim. På Rubbestadneset nærmar Unitech si hundremillionars investering seg, og i sist veke lova gründer Bernt Hellsøe ny skule, dersom Hordaland fylkeskommune blir med på laget og ikkje legg ned yrkesutdanninga.

På Stord er det mange store utbyggingsprosjekt for tida, anten det er på fjorden, langs vegane eller i Leirvik sentrum. Førre veke var prega av mange gode nyhende: Solid resultat og to opphoggingskontraktar til Kværner, og både Wärtsilä/Eidesvik og Salt Ship design fekk internasjonale prisar for god design av båtar. Men dei neste dagane og vekene blir spennande: Snart offentleggjer Statoil kven som skal byggja plattform-dekket til Johan Castberg. Avgjersla kan komma alt denne veka. Me kryssar fingrane for at det vippar i Kværner sin favør, noko som vil bety at oppturen i lokalt næringsliv held fram.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut