annonse

Stabil valdeltaking på Stord

Valet 2017
Valet 2017: Valdeltalinga på Stord i år er på 79,1 prosent, etter at 95,1 prosent av stemmene er talde opp. Slik var talet også i 2013. Her frå Prestegardsskogen fleirbrukshall på valdagen. (Foto: Henrik Mundal ANdreassen)

Valdeltakinga på Stord i år er på 79,1 prosent, etter at 95,1 prosent av stemmene er talde opp.

Anita Haugland

Ved førre stortingsval i 2013 var oppslutnaden nøyaktig den same, 79,1 prosent, etter at alle stemmene var talde opp. Den gongen var det 10.093 røysteføre som stemde. I år er det så langt talt opp 10.379 stemmer.

I 2013 kom det inn 3.210 førehandsrøyster, medan det i år har komme inn 4.076 førehandsrøyster. I 2013 var det 64 som stemde blankt, medan det i år, så langt, er talt opp 77 blanke stemmer.

Stor oversikt: Her kan du sjå resultata frå dei lokale krinsane

Les også: Liv Kari Eskeland (H) tek følgje med Magne Rommetveit (Ap) på Stortinget

Valet direkte:

 
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.