annonse

– Stas å bli valt til leiar

Nytt styre
Nytt styre: Eirin Helgesen (frå venstre), Salman Akhtar Chaudhry og Tara Wiers Kvamme. (Foto: Stord Sosialistisk Ungdom)
Det nye styret

Stord Sosialistisk Ungdom held fram som aldri før.

Vidar Hope

Måndag vart det halde årsmøte i Stord Sosialistisk Ungdom på Folkets Hus. Der diskuterte partiet året som var, og planla året som kjem. Det vart òg valt eit heilt nytt styre, skriv Stord SU i ei pressemelding.

«Stord SU vart skipa i 2014 med Anna Sofie Ekeland Valvatne, vara på Stortinget for Hordaland SV, som leiar. Det er alltid store endringar i kor mange aktive medlemmer ungdomsorganisasjonar har – spesielt på mindre stadar som til dømes Stord. Dette gjer at lokallaga ofte døyr, men Stord SU ser ut til å vera unntaket», står det i meldinga.

Det har vore små endringar i styret sidan laget vart skipa, men no har Stord SU fått eit heilt nytt styre (sjå faktaboks).

– Det er veldig stas å bli valt til leiar i Stord SU, seier den nyvalte leiaren Tara Wiers Kvamme i meldinga.

Ho kjem frå Sæbøvik og vart aktiv i laget under valkampen. Lokallaget har planlagt mykje aktivitet i året som kjem. Dei skal mellom anna ha medlemsmøter om kvinner i musikkhistoria, og om miljøideologi.

– Eg gler meg til å arbeida for det eg synest er viktig, nemleg likestilling og å stoppa dei aukande klimagassutsleppa i Norge, seier Kvamme.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut