annonse

Stjernekokken opnar ny restaurantkjede

Satsar internasjonalt
Satsar internasjonalt: Geir Skeie har Svein Sandvik og Ronny Gjøse med på laget når han i morgon opnar det som skal bli den første restauranten i ei ny, internasjonal sjømatkjede. (Foto: Marius Knutsen)

Geir Skeie og Svein Sandvik opnar det som skal bli verdas første internasjonale «fast-fisk-kjede».

Magne Kydland

Saman med skipsdesigner Svein Sandvik og tidlegare Umoe Restaurant-direktør Ronny Gjøse, opnar superkokk Geir Skeie onsdag den første «Pink fish» i den urbane mathallen i Steen & Strøm departement store i Oslo.

Dette er starten på det som skal bli eit nytt såkalla fast casual serveringskonsept basert på norsk sjømat.

– Sjømat er den sterkast veksande proteinkjelda i verda, og det er stor underutvikling innan serveringskonsept som spesialiserer seg på sjømat. Fast casual-segmentet er det raskast veksande segmentet innan serveringskategoriane. Fast food og fine dining tapar terreng, melder den tidlegare kokkeverdsmeisteren frå Fitjar i ei pressemelding.

Pink fish sin forretningsidé er å utvikla, implementera og drifta verdas første «fast casual» sjømatkjede.

Skeie har sjølv utvikla fiskerettane, som består av smakfulle internasjonale rettar, basert på norsk laks som råvare.

– Mitt store ynskje har alltid vore å laga god sjømat til folk. Det er også målet med Brygga 11, som no blir drive frå tre stader. Pink fish er mitt nye konsept, utvikla for å gjera sjømat endå meir tilgjengeleg, særleg for yngre kundar, seier Skeie.

Svein Sandvik er styreleiar i selskapet, og har store ambisjonar.

– Eg ser fram til å jobba vidare med å gjera Pink fish til ein internasjonal aktør innan såkalla F & B-konsept, seier Sandvik.

Dei er alt i dialog med internasjonale samarbeidspartnarar, og satsar på å opna fleire restaurantar i og rundt Oslo neste år. I 2019 er målet å opna den første i utlandet.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut