annonse

Stor dyretragedie på Tysnes

TRAGISK UTFALL
TRAGISK UTFALL: Tysnes brann og redning rykte ut til ein brann på Onarheim i kveld. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

10 sauer brann inne i løe på Onarheim søndag kveld.

Henrik Mundal Andreassen

I sekstida søndag rykte Tysnes brann og redning ut til ein låvebrann på Onarheim i Tysnes.

– Løa er overtent. Det skal vera ti sauer i løa, det er ikkje mogeleg å få desse ut, melder Vest Politidistrikt.

– Det var i utgangspunktet 36 sauer i løa, og eigar redda ut 26 av desse. 10 sauer er brent inne, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest Politidistrikt.

– Det er ikkje meld om personskadar, og den løa her kjem nok til å brenna heilt ned. Det er no ikkje noko fare for spreiing til andre hus, seier Algrøy.

Årska til brannen er ikkje kjend, men sidan alle brannar skal etterforskast av politiet, så er det oppretta politisak på løebrannen. Det skal ha blåst godt på staden, og ifølgje 110 Hordaland vil veterinær sjå til dei overlevande sauene.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut