annonse

Stor interesse for stress-foredrag

Fulle salar
Fulle salar: Det er så stor interesse for psykiater Bjarte Stubhaug (t.v.) sitt foredrag at det er flytta til større salar. Fagdirektør Haldis Ø. Lier håpar og trur at Helse Fonna i år har treft blink med programmet, noko den store interessa på førehand kan tyda på. (Foto: Eirik Dankel, Helse Fonna)

Neste veke arrangerer Helse Fonna Kvalitetsdagane 2017. I over ei veke deler helseføretaket kunnskap både internt og med fleire opne arrangement. Mest populært er stressmeistring med Bjarte Stubhaug.

Magne Kydland

– Me opplever at det er stor interesse for å få kunnskap om helse. Me håpar publikum vil møte opp på dei ulike arrangementa, seier fagdirektør Haldis Ø. Lier i Helse Fonna i ei pressemelding.

Målet med det omfattande programmet er å dela kunnskap til beste for pasientane. Difor er spennet stort. I mange av foredraga er det medarbeidarane i Helse Fonna som får fagleg påfyll, samtidig har det aldri tidlegare vore så mange opne foredrag og arrangement for publikum. Alle arrangementa er gratis.

– Det er fint at så mange bryr seg om eiga helse og om sjukehuset sitt. Eg er takksam for alle dei dyktige behandlarane som vil dele sin kunnskap både internt og eksternt, seier fagdirektøren.

Folkestress

Av dei opne foredraga er det stressmeistring som treff publikum best. Foredraga med psykiater Bjarte Stubhaug er allereie blitt flytta til Maritim Hall på grunn av stor interesse, og på Stord må storsalen i Kulturhuset takast i bruk. Til saman har over 2.000 meldt si interesse på Facebook.

– Interessa viser at publikum meir enn gjerne vil lære om stress og korleis dette kan handterast, seier Lier i pressemeldinga.

Grunna stor interesse blir det foredrag om stressmeistring både i kulturhuset på Stord den 21. november og i Haugesund den 22. november. Også i fjor samla den kjente stressmedisinaren fullt hus på sitt arrangement om stressmeistring. Då blei det naudsynt å setje opp eit ekstra foredrag på kvelden for at så mange hadde møtt opp.

I år er tema «Framleis stressa?» og er om mogeleg endå meir populært. Stubhaug skal presentere eit nytt foredrag som handlar om korleis du sjølv kan handtere stress ved å akseptere eller forandre livssituasjonen din.

Opnar ambulansane

I løpet av Kvalitetsdagane 2017 skal det vera ei rekkje interne arrangement på alle sjukehus kor eigne medarbeidarar får høve til å få med seg eit variert program.

Tema for kvalitetsdagane er «det heile mennesket» og omhandlar både fag, kommunikasjon, etikk, bruk av ny kunnskap og ei rekkje kvalitetsforbetringsprosjekt. Eitt av forbetringsprosjekta vinn årets Kvalitetspris.

Kvalitetsdagane startar den 16. november på Valen sjukehus. Der kan du få eit historisk innblikk i akuttpsykiatri, foredrag om dilemma ved bruk av tvang og innblikk i kva ein moderne akuttpost er.

Tysdag den 21. november gir erfarne medarbeidarar i barne- og ungdomspsykiatrien tips om korleis du som forelder kan hjelpa barnet eller ungdommen din å byggje eit godt sjølvbilete. Og du skal få kunnskap om angst hos barn og unge og kva som er normalt åtferd og kva som kan vera sjukt. Dette blir opne foredrag på kveldstid på Haugesund sjukehus.

For første gong opnar Helse Fonna dørene til dei ti ambulansestasjonane i Helse Fonna. Torsdag 23. november klokka 12–17 er store og små velkomne til å lære om hjarte- og lungeredning og sjå korleis livet på ein ambulansestasjon er.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut