annonse

Stord fører henne nærmare draumen

: Den nederlandske legen Karlijn Cappendijk (29) kom til Stord i juni. På rekordtid har ho lært seg norsk, og ho kan godt tenkja seg å bu her i framtida også dersom ho får fast jobb.
(Foto: ANITA HAUGLAND)

Nederlandske Karlijn Cappendijk (29) drøymer om å bli ortoped. Ved Stord sjukehus kjem ho nærmare målet.

Anita Haugland

- Då eg var lita, ville eg helst bli veterinær. Men mogelegheitene for å hjelpa menneske er så mykje større enn for å hjelpa dyr, og difor valde eg legeyrket i staden. Dessutan blir eg veldig glad over å kunna hjelpa andre menneske, fortel Karlijn Cappendijk (29) frå Nederland.
 
 

Reisa til Norge

Karlijn drøymer om å bli ortoped, og for å oppnå det er ho nøydd til å spesialisera seg på sjukdomar og skader i musklar og skjelett.
 
 
 
- I Nederland er nålauga svært trongt for både å komma inn på ei slik spesialisering, og for å få seg jobb som dette etterkant. Difor har eg lenge drøymt om å flytta til Norge, seier 29-åringen.
 
 
 
Her er nemleg mogelegheitene litt betre.
 
 
 
- Eg kjende til ein lege i Nederland som har vore på Stord i fire år, og for meg passa det godt å følgja fotspora hans, fortel legen.
 
 
 
I fjor forlèt ho heimlandet og sette kursen mot den vesle øya Bonaire sør i Karibia, slik den nederlandske legen også gjorde før han kom til Norge.
 
 
 
- Samstundes som eg jobba her, byrja eg å studera norsk på fritida mi.
 
 
 
Språkkunnskapen fekk ho gjennom å lesa enkle bøker og sjå på YouTube-videoar.
 
 
 
- Eg var på Bonaire i eitt år før eg flytta til Stord, seier 29-åringen.
 
 
 
No har ho vore her i snart eit halvt år.
 
 
 
- Eg ønskjer ikkje å bu i ein stor by, så Stord passar meg veldig fint.
 
 

Erfaringar

Då Karlijn kom til Stord, starta ho først som hospitant.
 
 
 
- Karlijn har lært seg språket på rekordtid, og gradvis har ho fått fleire og fleire sjølvstendige legeoppgåver. No har ho starta på spesialisering i ortopedi, og kan vera hos oss i 3,5 år før ho må henta erfaring frå eit større sjukehus, seier seksjonsleiar Anne Karin Fossdal ved Stord sjukehus.
 
 
 
Noko av det mest givande Karlijn har vore med på i arbeidet så langt, er lækinga av eit sår hos ein pasient som hadde slite med dette i over 20 år.
 
 
 
- Det er svært forskjellig korleis behandling av sår fungerer på pasientane. Pasienten har slite med dette i over 20 år, men no har det nesten grodd på to månader, fortel legen.
 
 

Integrering

Karlijn innrømmer at ho saknar familien i Nederland, men ho har klart å lokka med mannen på flyttelasset til Norge.
 
 
 
- Han er utdanna ingeniør innan vatn og avlaup. Nedgangstidene gjer det litt vanskeleg å få jobb, men han har vore i dialog med fleire, fortel legen.
 
 
 
Ho likar seg såpass godt i Norge, at ho er klar for å selja huset i Nederland.
 
 
 
- Når eg får fast jobb her, er målet å kjøpa eit lite småbruk. Det må gjerne vera eit renoveringsprosjekt, seier 29-åringen.
 
 
 
Ho gjorde sjølv mykje av jobben då huset i Nederland blei renovert. Det er nemleg hobbyen hennar.
 
 
 
- Førebels er eg meir handy enn mannen min, men han stiller opp han også, seier 29-åringen.
 
 
 
Elles brukar ho tida si på ein hest som ho steller på Tyse, eller turar i fjellet.
 
 
 
- Eg har vel vore på Kattnakken seks gonger sidan eg kom hit. Naturen er så mykje finare her enn i Nederland.
 
 
 
I jula reiste mannen heim, medan ho blei verande i Norge for å jobba.
 
 
 
I løpet av adventstida har ho fått smaken på norske juletradisjonar.
 
 
 
- Eg smakte både pinnekjøt, kålrotstappe og riskrem på julebordet med dei andre legane, og eg synest det var godt, seier 29-åringen.
 
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut