annonse

Stord-jentene gjekk skuffa av banen

KJEMPA
KJEMPA: Midtstoppar Guro Hinderaker Pedersen i ein av mange tøffe duellar i løpet av kampen. Bak til høgre ser me Nora Fleten Hellesfjord. (Foto: KJETIL ØSTREM)
FLEIRE HUNDRE
FLEIRE HUNDRE: Fleire hundre hadde møtt fram for å heia på Stord. Og trass tap, vart det ei minnerik oppleving på Vikahaugane. (Foto: KJETIL ØSTREM)

Føre 800 på tribunen låg alt til rette for ein skikkeleg Stord-fest. I staden var det bortelaget som kunne jubla etter 4-0-siger.

Kjetil Østrem

Folk hadde møtt fram i hopetal på Vikahaugane laurdag ettermiddag for å sjå Stord J16 møta Stabæk til semifinale i cupen. Heile 800 var på tribunen.

Men i staden for feiring av cupfinale for Stord, var det bortelaget som trekte det lengstre strået med 4-0 siger. Stord-jentene var tydeleg prega etter tapet.

-  Me er veldig skuffa over å tapa 0-4. Men i dag møtte me eit betre lag, og Stabæk var veldig gode, seier kaptein Martine Mellemstrand til Sunnhordland etter kampe. 

Ho synest det var bittert å vera så nærme finalen, og så tapa på målstreken. 

Trenar Øyvind Mellemstrand skal no få spelarane til å rista av seg det verste. Han meiner Stord tapte for eit betre lag.

- Spelarane har all grunn til å vera stolte over seg sjølve etter denne kampen og cupen. Fleire av spelarane skal i aksjon for Stord sitt damelag i morgon, og no gjeld det å få dei opp til den kampen, seier han. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut