annonse

Stord-skular skriv seg til suksess

: Ingrid Runnane og Julian Vikanes og nokre av dei flinke skrivarane i klassen til Hildegunn Sæbø Heimro. Alle (Foto: Svein Olav B. Langåker)
: Hildegunn Sæbø Heimro fortel korleis ein skriv fakta om ei mus.
: Rektor Lars Bakka er godt nøgd med resultata av prosjektet.
NORM-prosjektet

To Stord-skular har vore med på verdas største skrive­prosjekt. No blir lærdommane frå prosjektet tatt med i den nye lese- og skrivestrategien til regjeringa.

  • Svein Olav B. Langåker

Korleis kan ein 3.-klassing klara å skriva like bra som ein 4.-klassing? Og ein 7.-klassing skriva like bra som ein 9.-klassing?
 
 
 
Sagvåg skule og Tjødnalio skule i Stord er blant dei 20 skulane som har vore med på det som truleg er verdas største skriveprosjekt. Målet med prosjektet har vore å finna ut kva ein kan forventa av skrivinga til elevar på ulike klassetrinn.
 
 
 
Professor Synnøve Matre, opphavleg frå Halsnøy og no professor ved Høgskolen i Sør-Trøndelag, har leia prosjektet som varer til 2016.
 
 
 
– Effekten på resultata til dei 3000 elevane som har vore med, svarer til eitt års ekstra undervising. Effekten på dei kring 600 elevane med tydelegast effekt, svaret til to år ekstra undervising, seier ho.

Skreiv så blekket spruta

Synnøve Matre meiner det er viktig at skriveoppgåvene som elevane får, har eit klart formål. Ei oppgåve som «Skriv om sommarferien din» har eit meir uklart formål. I staden bør lærarane bli flinkare til å skapa ei meining med oppgåvene.
 
 
 
På Sagvåg skule fekk elevane beskjed om at den populære Melodi Grand Prix skulle bli kutta ut fordi rektor meinte elevane lærte for lite. Lærarane gav dei i oppgåve å skriva brev til rektor og fortelja kvifor Melodi Grand Prix ikkje burde stoppast.
 
 
 
– Elevane skreiv så blekket spruta, smiler rektor Lars Bakka.
 
 
 
Det blei likevel Melodi Grand Prix.

– Har rista litt i oss

Alle elevar er avhengig av gode tilbakemeldingar. Svake elevar treng ros for å byggja sjølvtillit og motivasjon. Men det er ein balansegang med djupe grøfter, ifølgje Lars Bakka.
 
 
 
– Norm-prosjektet har rista oss litt. Det blir feil å seia at alt er greitt fordi du er du. Ein må gje beskjed kvar det er forventa at elevane skal liggja. Samtidig er det viktig at ein ikkje føler ein er skuletaparar allereie frå 2. trinn, understrekar rektor Bakka.
 
 
 
Lærarane må laga framdriftsplanar med realistiske mål for kvar elev og følgja systematisk med på lesinga og skrivinga til elevane. Ikkje berre i norsken, men i alle faga.
 
 
 
Sjølv om prosjektfasen er over på skulane, arbeider lærarane vidare med alt dei har lært.
 
 
 
Lars Bakka er sikker på at prosjektet har hatt ein positiv effekt på skrivedugleiken til elevane og seier han er imponert over innsatsen til personalet ved skulen.
 
 
 
Lærarane har fått kurs av kompetente fagfolk frå Høgskolen i Sør-Trøndelag og dei har retta saman med andre lærarar i prosjektet.

– Lettare å gje tilbakemeldingar

Hildegunn Sæbø Heimro er lærar for 2. trinn no. Ho har vore med frå starten, og er glad og takksam for å hausta fruktene av skriveprosjektet ved Sagvåg skule.
 
 
 
– Arbeidet med skriveprosjektet hjelper oss å laga betre oppgåver som er tilpassa føremålet med skrivinga. Me har erfart at utforminga av oppgåvene er viktig for å få gode svar. Arbeid med dei ulike skrivehandlingane gjer oss òg meir medvitne på kva elevane skal læra og korleis dei kan skriva for å læra, seier ho.
 
 
 
No vurderer lærarane fleire sider av skrivinga til elevane i alle fag. (Sjå faktaboks) Dette gjer at det har blitt lettare å gje tilbakemeldingar, meiner ho. Elevane får meir konstruktive tilbakemeldingar og dei veit på førehand kva som blir vurdert.
 
 
 
Alle nye lærarar ved skulen blir dratt med og får kurs i korleis dei jobbar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut