annonse

Stordabu kjøpte denne båten i sist veke. No er han sakna

Sakna
Sakna: Politiet og Hovedredningssentralen ønskjer opplysingar om denne båten. (Foto: Politiet)

Ein mann i 50-åra frå Stord er sakna.

Vidar Hope

Mannen reiste til Kalvåg ved Florø i sist veke for å kjøpa ei 33 fot stor treskøyte. Ifølgje operasjonsleiar Norunn Byrknes i Sørvest politidistrikt skal seljaren av båten ha stadfesta at mannen frå Stord reiste frå Kalvåg i 09-tida torsdag. I går fekk politiet inn ein bekymringsmelding frå vener av mannen, som ikkje har svara på telefon.

– Mannen er heimehøyrande på Stord, og det er grunn til å tru at han har sett kursen sørover. No har Hovedredningssentralen sett i gang søk etter båten, seier Byrknes til Sunnhordland.

– Ein kan håpa at han berre har seg ein god ferie utan telefon, men i verste fall kan han ha havarert, legg ho til.

Skøyta er ti meter lang, har trefarga skrog og kvitt styrhus. Framme på styrhuset står namnet på båten, som er «Fram». På skroget står eit gammalt fiskerinummer, som er H-97-S. 

Politiet ber folk langs kysten som har sett skøyta ein av dei siste dagane om å ta kontakt. Politiet kan nåast på telefon 02800.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut