annonse

Stordabu mista lappen i Bømlafjordtunnelen

MISTA LAPPEN
MISTA LAPPEN: Ein stordabu i 50-åra mista førarkortet etter å ha køyrt i 120 km/t gjennom Bømlafjordtunnelen si 80-sone. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Køyrde i 120 km/t i 80-sona.

Henrik Mundal Andreassen

Laurdag kveld la Utrykkingspolitiet (UP) seg bak ein bil som køyrde gjennom Bømlafjordtunnelen.

– UP følgde etter og målte snittfarten til bilen, som vart målt til 120 kilometer i timen i 80-sona, seier vaktsjef Gunnar Sande ved politistasjonen i Haugesund.

Bilisten er ein mann i 50-åra, som bur på Stord. Han vart avhøyrt av politiet, og erkjente at han hadde køyrt for fort. Førarkortet vart fråteke på staden.

Les også: Bøtela åtte bilistar under laserkontroll
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut