annonse

Stordnytt-Steinar kan feira fem år

Still going strong
Still going strong: Sjølv om Steinar Hystad nærmar seg pensjonsalderen, har han framleis stor glede av å formidla saker til innbyggjarane i Stord kommune. (Foto: Vidar Hope)

I juni 2012 starta det så smått. Sidan den gongen er det publisert over 11.000 små og store nettsaker på Stordnytt.no.

Vidar Hope

Steinar Hystad og kompanjong John Eirik Jørgensen bestemte seg for å starta ein heilt ny nettstad for store, små – og endå mindre nyhende i Stord kommune. I desse dagar er det fem år sidan dei var i gang.

– Me har i grunn berre produsert saker på nett, og levd på vårt gode namn og rykte, seier Hystad til Sunnhordland.

Luskar vidare

Den same beskjedne ordlyden kjem fram når me lurer på om jubileumet skal markerast.

– Nei, me skal vel berre luska vidare som før, og laga endå meir godt stoff, seier han.

Og nettopp stoff har ikkje Steinar Hystad noko som helst problem med å finna. Det gjeld å komma seg ut blant folk – og fuglar. Det dukkar nemleg jamt opp saker der intervjuobjektet har nebb.

– Eg har alltid likt fuglane. Dei er nokre luringar, og kråka er den aller luraste. Eg likar å fotografera dei, og skriva små snuttar, seier Hystad.

Han kan avsløra at ny fuglesak ligg klar til publisering ein av dei kommande dagane. Denne gongen er det måsen som skal fram.

Framleis primus motor

Etternamnet til Steinar Hystad avslører at han har tette band til Mediehuset Sunnhordland. Etter fleire tiår som journalist og redaktør, selte han seg ut frå familieverksemda i 2002. Men skrivinga har han aldri slutta med. Tekstane har han gjeve ut både i lokale bøker, og ikkje minst på Stordnytt.no.

I mars i år hoppa John Eirik Jørgensen av Stordnytt-toget, ettersom han hadde det travelt på andre arenaer. Mediehuset Sunnhordland tok over nettstaden, som då var trua med å bli lagt ned.

Det er framleis Steinar Hystad som er primus motor.

– I tal og år går det mot pensjonsalder, men eg likar jo dette veldig godt. Det er kjekt å starta dagen med dette arbeidet. Og så er det kjekt å komma seg ut og observera. Ein må visa seg litt, seier han.

Telefonen viktigaste verktøy

Inntil vidare skal Hystad halda fram med å servera lokale saker til lesarskaren, som har halde seg stabilt dei siste åra.

– Det er ganske lettvint i desse tider. Dei siste tre åra har eg gjort heile jobben med mobiltelefonen, seier Steinar Hystad, før han forsvinn inn i bybiletet i Leirvik sentrum, på jakt etter nye oppslag.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut