annonse

Stort fleirtal med krass kritikk mot politiet

Kritisk
Kritisk: Eit stort fleirtal i fylkestinget ber justisminister Sylvi Listhaug snarast om å grunngje kvifor aksjonen på Fitjar vart gjennomført i strid med etablert praksis. (Foto: Marius Knutsen)

Berre Høgre og Framstegspartiet stiller seg ikkje bak fråsegnet.

Vidar Hope

Denne veka vedtok Hordaland fylkesting eit fråsegn om den afghanske familien som blei pågripen på Fitjar tidleg om morgonen fredag 23. februar. Pågripinga fann stad i menighetslokalet til Nytt Liv Sunnhordland. Politiet var væpna, noko som har ført til sterke reaksjonar.

«Medan familien låg og sov vart foreldra tekne med makt og ført ut. Dei tre borna på seks, fire og ein baby blei att i lokala medan dei vart påkledde. Dette er born som frå før er traumatiserte.

For å koma seg inn knuste politiet glaset i inngangsdøra. Dette vekkjer assosiasjonar til regime som me ikkje vil samanlikna oss med.

Kyrkjeasyl har djupe historiske røt, som vern for forfulgte.

Menigheten opplevde gjennom denne aksjonen at deira kyrkjerom gjekk frå å vera ein heilag stad til eit rom der maktmisbruk blei tillate.

Politiet forsvarar pågripinga med at dette ikkje var eit kyrkjehus. Dette er feil og i kommuneplanen er bygget regulert til offentleg eller privat tenesteyting, i matrikkelen er både eigedommen og bygget registrert som «bedehus/menighetshus».

I denne saka har menigheten halde seg til gjeldande kyrkjeasylpraksis, men desse spelereglane vart endra undervegs. Dette er ikkje akseptabelt.

Det er også viktig å presisera at familien som har konvertert frå islam til kristendom hadde budd i kyrkjeasyl i to månader og tre veker, og ikkje 11 månader som det har stått i media.

* Hordaland fylkesting meiner dette er eit brot på kyrkjeasylordninga.

* Hordaland fylkesting ber om at den afghanske familien må få bli i Noreg til saka deira er avgjort i rettsapparatet.

* Justisminister Listhaug må snarast orientere og grunngje kvifor aksjonen på Fitjar vart gjennomført i strid med etablert praksis når det gjeld kyrkjeasyl», heiter det i fråsegnet som er støtta av SV, KrF, V, Rødt, Sp, MDG og Ap.

Høgre og Framstegspartiet røysta mot fråsegnet.

Les også: Skjebne-rettssak for den afghanske familien på fredag

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut