annonse

Sunnhordland blant dei beste i Europa

: Vinnarlaget. Formgjevarane Lena Herland Eide og Mari-Anne Korsvik, fotograf Marius Knutsen og journalistane Anders Totland og Anita Haugland. Fotograf Per Egil Larsen som også er med i vinnarlaget, jobbar ikkje i Sunnhordland lenger. (Foto: ATLE HANSEN)

Då prisane for beste europeiske aviser vart kåra gjekk tre av dei til Sunnhordland for gode reportasjar, medan Kvinnher- ingen vart kåra til beste lokalavis.

  • Atle Hansen

Aldri før har Sunnhordland vunne ein internasjonal avispris, sjølv om det dei siste åra har vanka både nasjonale prisar og nomineringar for både journalistikk, foto og design. Men når det først skulle skje, så fekk Sunnhordland like godt tre prisar i same slengen.
 
 
 
 
European Newspaper Award vert delt ut for 17. gong og er ein pris som i stor grad legg vekt på sideutforming/design og bladbunad, men også tek omsyn til innhald og journalistisk arbeid når prisvinnarane vert valde ut.
 
 
 
 
Ansvarleg redaktør i Sunnhordland, Magne Kydland, fortel at det er andre gongen at Sunnhordland har sendt inn sider og reportasjar til denne priskåringa. To prisar for beste lokalside og ein for beste fotoreportasje.
 
 
 
 

God utteljing

– Me har ikkje prioritert dette tidlegare, men i år sende me inn fem-seks reportasjar og fekk prisar for tre av dei. Det må me seia oss nøgde med, seier Magne Kydland, godt nøgd med resultatet.
 
 
 
 
Dei som kan vera endå betre nøgd er grafikarane Mari-Anne Korsvik og Lena Herland Eide, fotografane Per Egil Larsen og Marius Knutsen og journalistane Anita Haugaland og Anders Totland. Reportasjane dei har vunne prisar for er reportasjen om Mariann Vestbøstad som stod på trykk julaftan i fjor og om 100-åringen Margit Engen frå 5. juni i år. Reportasjen om sjølvmord frå 19. desember 2014 er den tredje prisvinnaren. Sidene frå Sunnhordland konkurrerte med innsende bidrag frå 196 aviser frå 26 land. Mellom andre norske prisvinnarar er Bergens Tidende, Hordaland, Fanaposten og Kvinnheringen.
 
 
 
 
Kvinnheringen fekk den gjævaste prisen, årets europeiske lokalavis.

Kreative medarbeidarar

Særleg i kategorien fotoreportasje har nålauga vore trongt, og her er Sunnhordland vinnar saman med fleire europeiske storaviser, slike som danske Politiken, tyske Die Welt og Stuttgarter Zeitung, og norske aviser som Bergens Tidende, Morgenbladet og Vårt Land.
 
 
 
 
– Det er alltid kjekt å vinna prisar, og ekstra moro denne gongen. Me har aldri før vunne internasjonale prisar, og dette viser at Sunnhordland har svært dyktige og kreative medarbeidarar, som gong etter gong utmerkjer seg. Sjølv om dette er prisar for design, så understrekar juryen at også innhald betyr mykje. Alle desse tre sakene er grundig gjennomarbeidde saker som journalist og fotograf har brukt lang tid på, og jobba godt i lag med dei grafiske formgjevarane. Dermed er det ikkje berre saker som ser fine ut på trykk, dette er kvalitet frå a til å, og det er difor kjekt at også dette vert trekt fram av juryen, som består av 14 personar av dei beste avisdesignarane i Europa, seier redaktør Magne Kydland.
 
 
 
 
 

Slepper kreativiteten laus

Han er ikkje mindre nøgd redaktøren i Kvinnheringen, Tomas Bruvik, då me snakkar med han. I fjor vann avisa sideprisar, år vart dei beste avis.
 
 
 
 
– Det er ein fin og kreativ gjeng som jobbar her i avisa, som likar å tenkja nytt og gjera ting litt annleis, seier Bruvik, som likevel gir hovudæra for prisen til den unge mediegrafikaren Vidar Håland. For sjølv om prisen dei har fått er for heile avisa, spelar nok formgjevinga hovudrolla i denne samanhengen.
 
 
 
– Kvinnheringen har ikkje vore redd for å laga litt originale og nyskapande aviser dei siste åra. Er det noko de vil halda fram med?
 
 
 
 
– 149 avisdagar i året lagar me heilt tradisjonell lokalavis. Då er det kjekt å av og til sleppa kreativiteten laus. Noko mange set pris på, men det må òg seiast at ikkje alle lesarane våre likar det. Då me laga farsdagsavis med berre fedrar i, sa éin lesar til meg at han aldri hadde lese avisa så grundig før, medan ein annan sa at han hadde brukt ti minutt på heile avisa, seier Tomas Bruvik som ikkje let prisen gå til hovudet på seg, men seier at det viktigaste er å fokusera på dagens arbeid og morgondagens avis.
 
 
 
 
Me nemner også at avisa Hangötidningen i Stord sin finske vennskapsby, Hangö, er blant vinnarane i kategorien beste lokalside.
 
 
 
 
Prisane skal delast ut på den europeiske aviskongressen i Wien i byrjinga av mai neste år.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut