annonse

Sunnhordland er årets lokalavis – i Europa!

Best i Europa
Best i Europa: Det er svært god stemning i Mediehuset Sunnhordland i dag. (Foto: Marius Knutsen)
Jubel
Jubel: Redaktør Magne Kydland (t.v.) serverer alkoholfritt sprudlevatn til dei tilsette. Her med dagleg leiar Reidar Hystad (midten) og typograf Hans Jacob Meland. (Foto: Marius Knutsen)

Full jubel i Mediehuset Sunnhordland.

Vidar Hope

I dag vart det klart at Sunnhordland er vinnar av éin av hovudkategoriane av den 20. European Newspaper Award, i kategorien lokalavis. Adresseavisen vann prisen for beste regionavis, nederlandske Het Financieele Dagblad vann prisen for nasjonale medier, medan tyske Der Freitag vann prisen for beste vekesavis.

Viser all sin kreativitet

Juryen skriv følgjande om Sunnhordland:

«Sunnhordland har alltid fokusert på reportasjar om lokale saker. Artiklane er i stor grad illustrerte, og ofte blir det brukt meir enn éi side. Layouten er rett fram, klar og konsis. Hovudbiletet på artikkelen er ofte supplert med to eller fleire mindre mindre bilete, noko som gjev fin kontrast.

Mellomtitlar, sitat og faktaboksar blir ofte brukte og gjev eit ekstra informasjonsnivå.

Redaksjonen viser all sin kreativitet i magasina, som kjem ut tre gonger i året. Stikkorda her er fotoreportasjar og visuell historieforteljing. Den grafiske utforminga og hovudinntrykket frå papirproduktet er overført til dei digitale plattformene. Resultatet er flott layout, på tvers av seksjonane.»

Jubel
Jubel: Redaktør Magne Kydland (t.v.) serverer alkoholfritt sprudlevatn til dei tilsette. Her med dagleg leiar Reidar Hystad (midten) og typograf Hans Jacob Meland. Foto: Marius Knutsen

Rørt til tårer

Juryen består av 16 av dei mest erfarne avisfolka og designerane frå åtte europeiske land. Frå Norge er Bergens Tidende sin kreative leiar for design, Walter Jensen, med i juryen.

– Eg blei skikkeleg imponert over kva de får til nede på Stord, seier Jensen, som har site i juryen heilt sidan 2002, då Bergens Tidende vart kåra til den beste regionavisa i Europa.

Ansvarleg redaktør Magne Kydland er naturleg nok både stolt og audmjuk over å få ei slik gladmelding på tampen av avisåret, og berre halvtanna år etter at Sunnhordland vart kåra til årets lokalavis i Norge.

– Dette er ei stor fjør i hatten for alle på avishuset, og eg må innrømma at eg fekk ei lita tåre i augnekroken då eg fekk vita dette. Eg vil takka alle som jobbar i Sunnhordland. Me har mange dedikerte og dyktige fagfolk som står på kvar einaste dag, og det å få ein slik pris er berre heilt fantastisk. Det gjev oss motivasjon og inspirasjon til å halda fram med å laga eit best mogeleg produkt til våre lesarar og annonsørar, seier Kydland.

Totalt deltok 182 mediehus frå 25 land i årets European Newspaper Award.

Nyhendet blei feira med kake for dei tilsette i formiddag. Stemninga er mildt sagt god i avishuset i Borggata og trykkeriet på Heiane.

Les også: Internasjonal avispris til Sunnhordland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut