annonse

Sunnhordland følgjer valet – få full oversikt her!

MØTE ETTER VALET
MØTE ETTER VALET: Koalisjonen fann seg eit møterom på rådhuset etter valresultatet måndag kveld. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Få med deg siste nytt frå kommunevalet.

  • Redaksjonen

Har du ikkje tilgang? Prøv Sunnhordland i 5 veker for berre 5 kroner her!

Fredag

16.24: KrF, Sp og Frp i Fitjar vil fremja sak om ordførar i 80 prosent stilling ved første høve. Fredag inviterte dei til pressekonferanse, der viktige saker i åra framover var mellom temaa. Les heile saka her.

15.28: Koalisjonen (Ap, Sp, KrF, SV) vurderer ein manøver for å sikra SV ein plass i formannskapet. Les meir her.

14.35: Senterpartiet har sikra seg to plassar i formannskapet og éin komitéleiar. Jakob Bjelland (Sp) er nøgd

13.35: Full klinsj på Bømlo. Arbeidarpartiet rasar over Sammy Olsen (Sp) sitt avtalebrot. Les heile saka her.

11.38: Sigurd Andre Maraas (Frp) blir varaordførar etter 16 år i Fitjar-politikken. 
– Det er veldig kjekt og spennande, seier han til Sunnhordland.
Les meir her.

10.35: Me møtte ein letta og glad Gaute Epland på ordførarkontoret i morgontimane.
– Eg kjente at det har vore usikkert lenge og at eg har vore spent på mykje i lang tid, seier han. 
Les heile intervjuet her.

10.24: Då det såg mest håplaust ut bestemte Ragnfrid Sønstabø (H) seg for å tilby Sammy Olsen ordførarjobben. 
– Ville sleppa fire nye år med ørkenvandring.
Les heile saka her.

10.19: No er det endeleg klart: Harald Rydland (KrF) gjer comeback som ordførar i Fitjar. Sigurd Andre Maraas (Frp) blir varaordførar. Les meir her.

08.59: Torsdag blei Sp samde med Høgre, KrF og Miljøpartiet Dei grøne (MDG) om politisk samarbeid i Sveio. Les meir her.

07.51: På Fitjar gjer dei siste finpuss i dei politiske forhandlingane. Avklaringa kjem mest sannsynleg fredag

00.13: Øyvind Kyvik (H) og Sigbjørn Framnes (Frp) innrømmer at dei er skuffa – men ønskjer likevel koalisjonen lukke til vidare. Les meir her

00.07: Etter interne møte er det klart at Senterpartiet og KrF på Stord ser til venstresida, og ikkje går for eit politisk samarbeid med Høgre og Frp.
– Me har stått stødig i ein koalisjon dei siste fire åra, og valresultatet gjev denne koalisjonen tillit til vidare arbeid, seier Jakob Bjelland (Sp). Les heile saka her

Torsdag

18.56: Sammy Olsen (Sp) vert ordførar på Bømlo. Sp, Høgre, Frp, Venstre og Partiet dei kristne har inngått avtale. Les meir her

16.00: Me meiner at politikarane alltid bør ha valresultatet i mente når dei forhandlar. Viss ikkje risikerer ein at tiltrua til demokratiet, politikarane og valdeltakinga berre går éin veg: Nedover, skriv Sunnhordland på leiarplass.

14.44: Karen Elisabet Rydland Sæbø (Sp) og Harald Rydland (KrF) er to av fire deleigarar i Rydland Storfe DA. I kveld blir det truleg avgjort om dei hamnar i politisk koalisjon saman med naboen Sigurd Andre Maraas (Frp). Les heile saka her

Klokka 11.27: Høgresida på Stord sende seint i går over eit tilbod til Jakob Bjelland i Senterpartiet og sentrum.
– Det er ein del av «gamet», seier ordførar Gaute Epland (Ap). Les meir her.

Klokka 10.23: Kåre Martin Kleppe (H) har fått avtalen i boks. Får med seg Arne Leite (Sp) som varaordførar i Tysnes. Les meir her.

Klokka 08.58: Dei nye sokneråda er på plass. Sjekk korleis det gjekk i kyrkjevalet her!

Klokka 07.33: Litt over halvparten av kommunane har fått eit nytt parti som sitt største etter valet. Men Arbeidarpartiet er framleis størst i flest kommunar.
Les saka her

Onsdag

Klokka 18.37: Forhandlingane held fram i både Stord, Fitjar og Bømlo. Truleg vert lite klart onsdag kveld.

Klokka 18.30: Både i det noverande Hordaland og Sogn og Fjordane har talet på bygdelister gått sterkt tilbake ved kommunevalet i år. Les saka her

Klokka 17.00: Sigbjørn Framnes og Frp noterte rekordval på Stord, men det er framleis uvisst om det fører til makt. Les dagens leiarartikkel her

Klokka 15.26: «Slengjarkongen» Fredrik Litleskare vippa ned frå trona.
– Det er ikkje noko nederlag. No skal det seiast at Høgre-kandidatar tradisjonelt sett ikkje får mange slengjarar. Når det gjeld meg personleg så lever eg godt med det, seier Litleskare til Sunnhordland.
Les heile intervjuet her.

Klokka 12.56: Høgre gjorde eit dårleg val på Stord. Likevel har dei framleis eit håp om å hamna i posisjon.
– Me har hatt gode samtalar med Frp, Sp og KrF, seier ordførarkandidat Øyvind Kyvik til Sunnhordland.
Les heile intervjuet her.

Klokka 12.31: Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) fekk 155 røyster frå veljarar på Stord. Sjekk kva dei andre små partia fekk.

Klokka 12.23: Lågast valdeltaking i Sagvåg: «Heimesitjarpartiet» vart igjen størst. Les meir her.

Klokka 11.23: Blant rutinerte lokalpolitikarar er det heilt nye namn i kommunestyret på Stord. Me har hatt ein prat med Frp sin Reinert Svanberg (36) og Raudt-politikar Tore Roth Blokhus (39). Les intervjua her.

Klokka 10.28: Tysdag kveld var Framstegspartiet og Senterpartiet i Fitjar invitert til forhandlingar med KrF.
– Me diskuterte posisjonar, seier Sigurd André Maraas, som ligg an til å bli ny varaordførar.
Les meir her.

Klokka 10.06: Sp-nestor Johannes Landmark: 
– Det ville vore heilt eineståande dersom Sp fekk ordføraren.
Les kva veteranen meiner om dei pågåande forhandlingane her.

Klokka 09.12: Kommunestrukturen i landet gir distriktspartia Senterpartiet og Arbeidarpartiet langt fleire mandat per stemme enn Høgre og bypartia MDG, FNB, SV og Raudt.
Les saka her.

Klokka 07.30:  Ap, KrF, Sp, SV og MDG har innleia forhandlingar som gjer at Torunn Laurhammer (Ap) kan ta over ordførarklubba frå partifelle Odd Harald Hovland på Bømlo. 
Les saka her.

Tysdag

Klokka 19.38: Harald Rydland med flest røyster, medan Sigurd André Maraas (Frp) fekk flest slengjarar i Fitjar. Slik blir det nye kommunestyret på Fitjar.

Klokka 18.56: 16 kvinner og 19 menn. Slik blir det nye kommunestyret på Stord.

Klokka 14.57: Etter sonderingar samlar Jakob Bjelland i kveld sitt eige parti. Som største parti ser Ap og Gaute Straume Epland det som unaturleg å gje frå seg ordførarstolen. Les meir her

Klokka 14.28: Kva representantar som kjem inn i kommunestyret i Stord og Fitjar blir klart etter klokka 17 i dag.

Klokka 14.03: Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat Kjell Nesbø meiner mykje framleis er usikkert i Fitjar.
– No sit me i ein vippeposisjon, seier han.
Senterpartiet deppar heller ikkje over valresultatet. 

Klokka 13.14: Høgre går kraftig fram i Tysnes, medan Arbeidarpartiet mistar oppslutnad.
– Me gjer eit veldig godt val, mykje betre enn sist. Resultatet er langt betre enn venta, sjølv om me hadde som mål å verta størst, seier ordførar Kåre Martin Kleppe til Sunnhordland.

Klokka 12.36: Sjå biletserie frå ein lang og nervepirrande valdag på Stord og Fitjar her!

Klokka 11.37: Senterpartiet gjekk mest fram er no nest største parti i Kvinnherad. Forhandlingane med Ap og felleslista SF er i gang.

Klokka 10.46: Framstegspartiet gjorde tidenes beste val på Stord, men kan likevel hamna utanfor det gode selskap. – Det har vore ei felles forståing for at valvinnarane har noko dei skulle ha sagt, seier Sigbjørn Framnes. Les heile saka her

Klokka 10.34: Det ligg an til ein svært spennande ettermiddag og kveld på Bømlo. Høgre er valvinnar – men kan stå utan makt. Les reaksjonar frå Ragnfrid Sønstabø (H) og Torunn Laurhammer (Ap) her.

Klokka 09.24: Koalisjonen blei ikkje samde om ny skisse i natt. Jakob Bjelland (Sp) & Co. set seg ned på nytt i formiddag. Les meir her.

Klokka 08.46: Jon Askeland (Sp) vil først sondera med Ap, SV og KrF om makta i det nye storfylket Vestland. Både Svein K. Halleraker (H) og Sigbjørn Framnes (Frp) er inne i det nye fylkestinget.

Klokka 01.14: Harald Rydland og KrF vart klare valvinnarar i Fitjar.
– Eg kjenner litt skrekkblanda fryd, seier han.
Les heile saka her.

Klokka 01.11: Stord SV sit att med halvert parti etter valet. 
– Ein del av røystene går til Raudt. Det jo negativt for oss, men likevel bra at ein får inn ein representant frå venstresida, seier Nils Magne Blålid.
Les heile saka her.

Klokka 01.06: Koalisjonen på Stord gjekk rett inn i forhandlingar.

Klokka 00.32: Alle hadde nøkkel til rådhuset, men ikkje Raudt. Rose Maiken Flatmo var ikkje til stades i det gode selskap ...

Klokka 00.12: KrF er den store valvinnaren i Fitjar. Aukar til seks mandat. Les meir her!

Klokka 00.08: Stord KrF er skuffa etter at dei mista eitt mandat i kommunestyret. No held dei døra ope for ulike samarbeid, også overfor valvinnar Frp.

Måndag

Klokka 23.29: Alle røystene er klar på Stord. Frp og Senterpartiet har størst auke. Arbeidarpartiet held stand.

Klokka 23.14:
Sjå intervju med ordførarkandidatane på Stord etter at alle røystene frå valkrinsane er talt opp:

Klokka 23.12:
– Det har vore oppturar og nedturar i heile dag. Eg er forferdeleg spent, seier Sigurd Andre Maraas, Frp sin ordførarkandidat i Fitjar. No ventar han på det endelege resultatet.

Klokka 23.05:
Sjå intervju med Jakob Bjelland (Sp) og Geir Angeltveit (V) frå Stord rådhus.

Klokka 22.51:
Frp fossar fram i Sagvåg. Hanka inn 30,8 prosent av røystene. Les meir.

Klokka 22.26:
Slik er førehandsrøystene i Fitjar.

Klokka 22.16:
Få stemningsrapport frå valvaka til Stord Frp - partiet som gjer eit byks på den første prognosen. Les sak her.

Klokka 22.04:
God stemning på puben. Arbeidarpartiet held stand. Få stemningsrapport frå Osvald her.

Klokka 21.54:
Eivind Horneland og Henny Førland Berger er i full gang med teljinga av røystesetlar i Stord kulturhus.

Klokka 21.44:
Eivind Økland (26) og Kenneth Skålevik (24) var blant dei alle siste som fekk røysta i kulturhuset på Leirvik.

Klokka 21.19:
Direkte inne frå Stord Frp si valvake på Den blå time:

Klokka 21.12:
Førehandsrøystene er talte: Frp med stor framgang på Stord. Ap stuper på Bømlo. Sjå oversikt her!

Klokka 21.00:
Direkte inne frå Stord Arbeidarparti si valvake:

Klokka 20.43:
SV og Raud har valvake saman på Sjøhuset.
– Eg tenkjer at me faktisk kunne ha gått saman om ei fellesliste, seier Hilde Hildal Hauglid.

Klokka 20.32:
Desse sakene er viktigast for fitjarbuane me trefte i vallokalet i dag.

Klokka 20.09:
Vincent Eye Færavaag (79) er på veg inn i vallokalet. Men han har enno ikkje heilt bestemt seg for kven som får hans røyst.

Klokka 19.53:
Maria Prestbø (18) og Elin Heggøy (18) frå Fitjar brukte røysteretten sin for alle første gong. – No har me gjort noko bra!

Klokka 19.44:
I Marokko røysta han aldri, men Farid El-Mardi stolar på politikarane og systemet her i Norge.

Klokka 19.29:
Ingen kø på Huglo: På det meste var det fem personar innom samstundes. Få stemningsrapport frå øya her!

Klokka 18.57:
Øyvind Kyvik kan ikkje lova trerettars for dei som kjem på valvaka til Høgre i kveld. Lokallaget har rett og slett brukt opp valkampbudsjettet.

Klokka 18.39:
I 17-tida bygde køen seg opp ved røystelokalet i Stord kulturhus. Sju røysteavlukke klarer ikkje å handtera straumen av veljarar.

Klokka 17.39:
Tre ordførarar skal erstattast uansett valresultat. Innbyggjarane i Fitjar, Bømlo og Kvinnherad er ekstra spente i kveld.

Klokka 12.27:
Talet over dei som har førehandsrøysta i Stord kommune er ifølgje valgeneral Marit Anne Åkra 3.150.
Klokka 21 i kveld kjem svaret på kva om lag 23 prosent av Stord sine veljarar har røysta.

Klokka 11.19:
Jan Bøe var ein av dei første som møtte fram for å røysta ved årets val i Stord kulturhus.
– Eg har røysta kvar gong sidan 1960. Og eg meiner det er ei plikt, seier 78-åringen.

Klokka 10.25:
Anette Sydnes Salomonsen (32) leverte ungane på skulen, og drog direkte til røystelokalet i Solidhuset.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut