annonse

Takka ja til tilbod

Tilbake til jobb
Tilbake til jobb: Etter éi veke med gå sakte-aksjon er dei tilsette på Kjøtteinen tibake for full maskin i dag etter røysting på morgonkvisten. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

Gå sakte-aksjonen på Kværner Stord er avslutta.

Vidar Hope

Medlemmene i Verkstadklubben røysta over eit tilbod frå Kværner fredag morgon. Etter det Sunnhordland kjenner til var tilbodet på auke på tre kroner per time, pluss ein bonus på 13.500 kroner.

Det skal ha vore overveldande fleirtal for å avslutta aksjonen. Klubbleiar Amram Hadida stadfestar overfor Sunnhordland at medlemmene har takka ja til eit tilbod frå leiinga. 

– Aksjonen blei avslutta klokka sju i dag tidleg. Det var viktig for oss å komma til semje, og no er me tilbake og klare for å levera på tid, kvalitet og pris, seier Hadida til Sunnhordland.

Han meiner stemninga blant medlemmene er god og at folk er glade for at konflikten no er over.

– Dei har hatt sterk tru på saka, og eg opplever at alle har vore ryddige og følgt dei avtalte spelereglane.

Hadida vil ikkje kommentera innhaldet i lønsoppgjeret.

– Det eg kan seia er at me har fått til ein kombinasjon av kronetillegg, kompetanseheving og ein éingongssum.

Han trekkjer særleg fram kompetanseheving.

– Med omsyn til teknologi og digitalisering blir dette ei viktig satsing framover, seier han.

Les også: Stordabu vann fram etter ni veker med dagsing

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut