annonse

Tapar pengar på ferja

For dårleg
For dårleg: Verksemdene meiner sambandet Skjersholmane - Ranavik er ein flaskehals og fører til tap av inntekter. (Foto: MARIUS KNUTSEN)
: (Foto: )
: (Foto: )

Verksemder og offentlege institusjonar i regionen tapar penger på den lange reisetida mellom Stord og Kvinnherad. Dei meiner Stord som regionssenter må ta ansvar for å finna ein betre løysing.

Hilde Vormedal Nybø

Det kjem fram i ei ny undersøking som blei presentert torsdag.

Det er Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Stord Næringsråd og Kvinnherad Næringsservice har fått gjennomført ei undersøking blant næringslivet og offentlege instansar i regionen. Målet var å kartleggja kva behov og ønskje det er for å få på plass eit nytt ferjesamband mellom dei to kommunene.

Er viktig

Undersøkinga er sendt ut til 50 verksemder, og av desse har 30 svara. Versemdene er innan finans, energi, industri, transport, service, handel, tenesteyting, bygg- og anlegg, eiendomsinvestering og offentlege institusjonar. 16 av verksemdene har hovudkontor på Stord, åtte i Kvinnherad. Men blant dei som har svara er også verksemder med hovudkontor i andre kommunar.

Undersøkinga viser at aktørane meiner sambandet er viktig. 19 av dei som har svara, meiner det er svært viktig. Ni har svara litt viktig. Berre to meiner det er uviktig. Vidare meiner ein at sambandet hadde vore viktigare om reisetida var kortare.

Tapar store summar

Ein av konklusjonane er at sambandet ikkje fungerer som eit samband for å skapa ein felles bustad- og arbeidsmarknad i sunnhordlandsregionen.

I undersøkinga kjem det også fram at verksemdene tapar penger som følgje av det dårlege sambandet. Då dei blei beden om å oppgje summar, svara dei at dei tapear mellom 300.000 og fem millionar kroner i året.

«Dårleg kommunikasjon gjer at Kvinnherad ikkje blir rekna som vår marknad» er eit av svara på undersøkinga. «Utfordring at fraktkosten til og frå Kvinnherad vert så høg at ein ikkje vert konkurransedyktige på mindre stålkontruksjonar» er eit anna svar.

Må ta ansvar

Sambandet har vore ein politisk gjengangar sidan ferjeleie blei flytta mellombels frå Leirvik til Skjersholmane i 2003. Men 14 år seinare har ein ikkje komme noko lenger i å finna ei løysing. På Stord gjorde ein sist i vår politisk vedtak om at ein ikkje vil ofra urøft strandsone for å byggja nytt ferjeleie. I undersøkinga svarer fleire av verksemdene at dei meiner Stord må ta ansvar som regionssenter.

Flytting av ferjekaien frå Ranavik til Sunde på Kvinnherad-sida, og bruk av Jektavik og eventuelt raskare ferjer, er andre løysingar som blir skissert i svara.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut