annonse

Tause til valet er tatt

AKTUELLE
AKTUELLE: Gaute Straume Epland eller Lene Pilskog kjem truleg til å ta over som ordførar i Stord kommune frå sommaren av. (Foto: MARIUS KNUTSEN / ARKIV)
Vurderer
Vurderer: Henny Førland Berger var med i nominasjonsarbeidet før 2015-valet. No skal ho igjen finna ein ordførarkandidat for Ap. (Foto: ARkiv)
AVGJER
AVGJER: Katrin Innvær Ankervold er med i utvalet som skal velja Ap sin nye ordførarkandidat. (Foto: PER EGIL LARSEN/ARKIV)
AVGJER
AVGJER: Per Jarle Valvatne er med i utvalet som skal velja Ap sin nye ordførarkandidat. (Foto: PER EGIL LARSEN / ARKIV)
Ordførar

Dei to heitaste kandidatane til å ta over ordførarvervet etter Harry Herstad, held korta tett til brystet.

  • Anders Totland

Sunnhordland har i fleire omgangar bede om intervju med dei to politikarane som er mest aktuelle til å ta over ordførarvervet i Stord kommune. Men verken Gaute Straume Epland eller Lene Pilskog ønskjer å seia noko som helst om situasjonen før alt er avklart.

I ein felles uttale skriv dei to at det er lagt opp til ein god og ryddig prosess internt i Ap og koalisjonen.

«Me ønskjer difor ikkje å stilla til intervju før etter prosessen er ferdig», skriv ordførarkandidatane.

Sjølv om alle som har fast plass i formannskapet strengt tatt kan veljast til ordføar, er det liten tvil om at Ap sin nye ordførarkandidat har størst sjansar. Som Sunnhordland tidlegare har skrive, står resten av koalisjonspatia fast ved avtalen frå 2015, der det står at Ap skal ha ordførarvervet og Sp varaordføraren.

Eit utval på fem personar jobbar no intenst med å finna den neste Ap-ordføraren.

– Me brukte ein del timar på å intervjua kandidatane måndag som var, og så skal me ha ein ny runde måndag som kjem. I løpet av neste veke kan me kanskje seia noko meir om kva me landar på, seier Henny Førland Berger, som er leiar i Stord Ap.

Totalvurdering

I tillegg til Berger, er Per Jarle Valvatne, Katrin Innvær Ankervold, Hans Martin Håvik og Astrid Østerlid med i ordførar-utvalet.

– Kva er det de prøver å finna ut i dei samtalane de har no?

– Det er veldig vanskeleg å seia, men det er jo ei totalvurdering me skal komma fram til. Mellom anna snakkar me om det å vera motivert for jobben og vita kva det handlar om, seier Berger.

– Kven er det som avgjer kven som blir Ap sin nye ordførarkandidat?

– No er det styret som nominerer, og me har tett kontakt både med kommunestyregruppa vår og resten av koalisjonen. Men til slutt er det alle medlemmene i Stord Ap som avgjer. Dette må forankrast i eit medlemsmøte, seier Berger.

Medlemsmøtet skal vera 12. juni. Målet er at styret til då skal ha klar ein kandidat som dei vil foreslå.

– Me har ein intensjon om å samlast om ein kandidat, seier Berger.

Mange personstemmer

Både Pilskog og Epland har fast plass i formannskapet, og Epland er i tillegg leiar i komite for rehabilitering, helse og omsorg.

Ved valet i 2015 var Epland ein av dei aller mest populære politikarane på Stord, med 74 slengjarar og 360 personstemmer frå eige parti.

Av alle som stilte til val det året, var det berre Liv Kari Eskeland og Harry Herstad som fekk fleire personstemmer frå sine eigne veljarar.

Til samanlikning fekk Pilskog 186 personstemmer frå Ap-veljarane.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut