annonse

Tek oppgjer med nett-troll

Frustrert
Frustrert: Rebecca Catrine Myhre Eikeland, her med sonen Edvard M. Eikeland, har fått nok av vaksne folk som ikkje kan oppføra seg på nettet. (Foto: Colourbox / privat)

Det ikkje ofte eg kjenner behov for å leggja hovudet på hoggestabben, men i dag har det surra eit facebookinnlegg rundt i hovudet mitt som ikkje vil sleppa taket, skriv Rebecca Cathrine Myhre Eikeland.

  • Meiningar

I skulen er det mykje fokus på trivsel, inkludering, medkjensle for andre og på å utdanna trygge, gode og rause ungar. Det vert brukt mykje tid på etikk, moral og korleis ein skal vera eit godt medmenneske for dei rundt. I starten av kvart skuleår skriv dei ned reglar for korleis klassemiljøet skal vera. Som regel kjem det kjapt at ein må vera snill, sei fine ting til kvarandre og ha respekt!

Kva vil det seia å ha respekt? Ungar har ofte gode svar på dette. Ein må vera grei med andre, akseptere at det er greit å skilja seg ut, ein skal inkludera alle. Men gjeld dette kun på skulen då? Kva med når du er på internett? Når du ikkje står andlet til andlet med den du kommuniserer med? Jau, det vert lagt ned utallige timar til å læra ungar om nettvett og korleis ein oppfører seg på internett når ting ofte vert litt meir distansert. Dette er noko eg har tru på at ungane våre kjem til å nytta godt av i framtida!

Mitt spørsmål i dag er då... Kven skal utdanna dei vaksne i korleis ein oppfører seg på nett? Eg har i løpet av dei siste dagane lese diverse kommentarfelt fylt av ufiltrert drit! (Eg prøvde å finna eit finare ord for det, men det var det mest dekkande eg kom på). Ein heil vaksengenerasjon som vart kasta ut i nettforum og kommentarfelt på Facebook og i samtlige aviser, om det er lokale eller nasjonale. Dei brøyter seg fram utan å ofre vanleg folkaskikk ein tanke. Det er så lett å skrive nett det ein har lyst til når ein slepp å stå rett ovanfor mottakaren. Det betyr ikkje at bodskapen mistar brodden av den grunn!

Aldersgrensa på Facebook i dag er 13 år. Det betyr at våre unge, lovande ungdommar, som har gledd seg til å bli ein del av facebooksamfunnet, har full tilgong til akkurat dei same kommentarfelta som disse vaksne som meiner, synser og sprer om seg med «fakta» over ein låg sko. Dei som har blitt lært opp til at ein skal høyra på dei vaksne, dei som ser til dei vaksne for råd og vegleiing, dei som skal ut i verda og overta ein vakker dag. Kva vil me då læra dei om medmenneskelighet, om medkjensle, om inkludering og aksept av det som er annleis og ukjent?

Det er lov og meina og synsa. Det er lov å ha ulike meiningar. Det er lov å vera ueinig. Det er lov å ytra seg. Det er òg lov å gjera alt dette med respekt! Ein kan visa barn og unge at det er ikkje alt ein treng einast om, men ein kan få fram bodskapen sin på ein måte som ikkje sårer andre.

Me nærmar oss eit nytt år, framtida er her no og den er føre oss. Våre ungar skal inn i ei særs viktig rolle som forvaltarar av landet vårt. Det er i desse formative åra dei syg til seg alt dei treng vita om korleis ein skal vera vaksen. Dei tek etter dei som er eldre, som eigentleg skal vera klokare. Tenk deg om neste gong det klør i fingrane etter å kommentera på eit offentleg innlegg. Dine ungar, barnebarn, tantebarn, onkelbarn osb. sit kanskje nett no og les i kommentarfeltet til Sunnhordland om dei som ynskjer seg moské på Stord. Der er det få haldningar å vera stolt av. Kanskje har dei sett videoen til Christina Henriksen på NRK si facebook side. Klikkar dei seg inn på kommentarane der er det heller ikkje mykje eg ville lest høgt til min son.

Internett kan vera ein fin ting om det vert brukt med hovudet. Det ein skriv vert ståande. Det er der for framtida. Den framtida veit du, som er fylt med våre ungar! Dei me prøver så godt me kan å læra om respekt for andre, om inkludering og nestekjærleik! Dei som ser opp til deg og tek til seg dine meiningar og haldningar! Er det slik oppførsel du vil dei skal ta med seg vidare i livet?

Rebecca Cathrine Myhre Eikeland

Dette innlegget var først publisert på Myhre Eikeland si Facebook-side, og blir publisert på Sunnhordland.no i samråd med artikkelforfattar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut