annonse

Tek yrkesfag på alvor

FEKK PLASS
FEKK PLASS: Martin Jarnes Fagerbakke fekk seg læreplass på Fitjar. Det fekk han etter personleg oppmøte hos dagleg leiar Svein Eivind Gilje. (Foto: JARLE KALDRÅSTØYL)

  • Leiar

Prosjektet «Auka gjennomføring – fleire ut i lære» er eit toårig forsøksprosjekt og er eit ledd i arbeidet med å hjelpe elevane i overgangen frå skule til lære. Det er nemleg ikkje like lett for alle å få seg læreplass. Her er det fallgruver, og mange snublar i overgangen. Difor ønskjer fylkeskommunen å få ei meir heilskapleg fag- og yrkesopplæring.

Nyleg vart det halde kurs for elevar med ungdomsrett og som ikkje har fått læreplass innan enkelte fag. Kurset er ei støtte for at elevane skal få læreplass, og er for elevar innan byggfag, restaurant- og matfag, service og samferdsel, frisør og helsefag, med meir, men ikkje TIP og elektro. For dei er det eigne klassar på vg3.

Ein av dei som har drege nytte av prosjektet er 19 år gamle Martin Jarnes Fagerbakke, som var éin av totalt 26 elevar som stod utan lærlingplass i Sunnhordland dette året. I staden for å sitja heime ved PC-en og senda mailar, vart han tvinga til å ta fysisk kontakt. Det gav resultat, og i sist veke skreiv 19-åringen lærekontrakt med Engesund fiskeoppdrett i Fitjar.

Fem yrkesfaglege koordinatorar i Hordaland fylkeskommune er med i teamet som skal kurse elevane i å få seg læreplass. Ein av desse held til på Stord. Målet med forsøksprosjektet er å få på plass faste strukturar og arbeidsmåtar som gjer at dette kan overførast til andre skular i fylket. Me håpar det går etter planen, og deler ut ros til Hordaland fylkeskommune, som på denne måten viser at dei meiner alvor i kampen om å unngå at elevar droppar ut frå yrkesfag.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut