annonse

Teken i 100 km/t gjennom tunnelen

STOPPA
STOPPA: Ein mann vart stoppa etter at han køyrde for fort i Bømlafjordtunnelen torsdag. (Foto: STATENS KARTVERK/ILLUSTRASJON)

Mann i 50 åra køyrde for fort gjennom tunnelen og må ut med 4.600 kroner.

  • Henrik Mundal Andreassen

Torsdag ettermiddag utførte politiet ei gjennomsnittsmåling i Bømlafjordtunnelen, der dei hamna bak ein bilist som hadde høgare fart enn normalt. Politiet målte då ein snittfart på 100 kilometer i timen, der det på staden er 80-sone.

– Bilisten er ein mann i 50-åra som kjem frå Rogaland. Han fekk eit førelegg på 4.600 kroner pluss to prikkar i førarkortet sitt. Førelegget vart godteke på staden, seier operasjonsleiar Håkon Lokna i Sør-Vest politidistrikt.

Gjennomsnittsmålinga vart teken ved hjelp av fartsmålingssystem montert om bord i politiet sin bil, og har ingenting med fotoboksane i tunnelen å gjera.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut