annonse

Teknikk og industriell produksjon den store vinnaren

STORD VGS.
STORD VGS.: Teknikk og industriell produksjonen, som ein mellom anna finn på Stord vidaregåande skule avd. Vabakkjen, har den største auken i søkjarar i år. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ILLUSTRASJON)

Teknikk og industriell produksjon (TIP) er vinnarfaget i dei vidaregåande skulane i Hordaland 2019, med ein auke på heile 25 prosent.

Ingvild Siglen Berger

Det skriv Hordaland fylkeskommune i ei pressemelding. Første inntaksomgang til vidaregåande skule vart klar i dag, og i alt har 15.774 elevar fått plass i denne omgangen.

– Om lag 19.000 elevar har søkt plass i den vidaregåande skulen i Hordaland. Dette er om lag som dei siste åra. Studiespesialisering er mest populær med 2624 søkjarar, som er 74 fleire enn i fjor, mens størst auke har teknikk og industriell produksjon med 821 søkjarar, heiter det i pressemeldinga.

Les også: Russen donerer 170.000 kroner

Søkjartala ned

Dette er 163 fleire enn i fjor, ein auke på 25 prosent.

– Årsaka er at maritime og tekniske fag er i vinden igjen etter oppgangen i oljerelatert industri, skriv fylkeskommunen.

Prognosane på søkjartal for den enkelte skule viser ein nedgang på 41 personar frå 2018 til 2019 for Stord vidaregåande skule, minus 30 søkjarar til Fitjar vgs., ein nedgang på 57 søkjarar til Bømlo vidaregåande skule og 7 færre søkjarar til Kvinnherad vgs.

Austevoll vidaregåande skule har ein oppgang på 26 søkjarar, med eit totalt søkjartal på 171. Også Rubbestadnes vgs. har auke, med to fleire søkjarar i år enn i fjor.

Les også: Nye studieplassar innan spesialsjukepleie og IKT

Poenggrensa varierer

Etter at første inntaksomgang har 964 elevar med rett til vidaregåande opplæring, såkalla ungdomsrett, ikkje fått plass. Dette er om lag 200 færre enn i fjor.

– Mange av desse vil få plass i neste inntaksomgang 29. juli, men nokre må venta til siste inntaksomgang 8. august. Alle med ungdomsrett skal få tilbod om skuleplass til skulestart 16. august, står det i pressemeldinga.

Elles varierer nedre poenggrense for inntak ved dei ulike tilboda ein del frå skule til skule, særleg i Bergensområdet.

– Dette har sjølvsagt ein del med søkinga å gjera, men ikkje minst at det er svært ulike klassetal ved dei enkelte skulane. Samanlikning berre av poengsummar mellom skulane kan difor vera urettvist, melder fylkeskommunen.

Les også: Vil bruka 30 millionar på utdanning i distrikta

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut