annonse

Tenåringar enda i slåstkamp i Leirvik

POLITI
POLITI: Stord lensmannskontor har oppretta sak etter ei valdshending i Leirvik sentrum i natt. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Ein ung mann fekk kutt over auga etter klammeri med ein annan.

Henrik Mundal Andreassen

I tretida natt til søndag kom politiet over ein ung mann i Leirvik med kutt over eit auga. Avhøyr og undersøkingar vart gjort for å kunna gje svar på kva som faktisk hadde skjedd. Ifølgje politiet er det sannsynlegvis snakk om eit slagsmål.

– Politiet kom i kontakt med begge partar som er i slutten av tenåra, og har oppretta sak på forholdet, seier vaktsjef Emma Audunsdottir ved Haugesund politistasjon.

Les også: Politiet besøkte høglydt fest i Sagvåg

Les også: Mann vist vekk etter ufin oppførsel

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut