annonse

Ti år med Samtidsdagane

Veks og veks
Veks og veks: Prosjektleiar Alf H. Aronsen og teamet hans inviterer til Samtidsdagar på høgskulen for tiande året, med større publikum og program enn nokon gong før. (Foto: Høgskulen på Vestlandet)

Kommande veke er det igjen duka for spennande debattar, diskusjonar og dagsaktuelle tema på campus Stord. Årets Samtidsdagar feirar 10 år med rekorddeltaking og ein brei og variert meny.

Magne Kydland

Øvst på plakaten finn ein i år Bragepris-vinnar Olaug Nilssen, NRK-journalist Sigurd Falkenberg Mikkelsen og professor Kari Dyregrov frå Høgskulen på Vestlandet.

– Me har og med oss sterke lokale stemmer som forfattar Anders Totland, psykolog Kristine Tofte, psykologspesialist Ingrid Camilla Aasebø Heggland og advokat Sverre Hetland, fortel prosjektleiar Alf H. Aronsen ved Høgskulen på Vestlandet.

Tematikken i år spenner frå tabubelagde tema som barnevald, omsorgssvikt, hatprat, seksualitet, sorg og død, til klimakamp og frykt og fiendebilete i Europa, skriv Høgskulen på Vestlandet i ei pressemelding.

Prosjektleiar Alf H. Aronsen seier at arrangement har vakse sakte, men sikkert dei siste åra, og i år har interessa vore større ein nokon gong.

– Mange skular både tar kontakt og melder på klassar med elevar. Og i år opplever me stor pågang frå ulike verksemder både i haugesundsregionen og i sunnhordlandsregionen som ønskjer å senda sine tilsette hit. Dei ser på dette som ein arena for å skaffa seg viktig fagleg påfyll. Det er veldig kjekt å oppleva interessa, sjølv om det og blir litt logistikkutfordringar. Men det skal me løysa, seier Aronsen.

Så langt ser det ut for at det kjem over 1.000 besøkjande.

Tema for Samtidsdagane har variert år for år, der målet har vore å fanga opp tema som er i den lokale debatten, på nasjonalt plan og på den internasjonale arena.

– Me jobbar i lag med fagmiljøet for å knyta tema opp i mot elevane og studentane sine utdanningar. Det må opplevast relevant. Det er krevjande å få til, ikkje minst fordi me startar planlegginga tidleg. Men eg føler me treff ganske godt. Det samsvarar og godt med dei tilbakemeldingane me får, seier Aronsen, som kan visa til ei imponerande liste med foredragshaldar dei ti åra.

Ole Moen, Anders Magnus, Philip Lote, Kai Eide, Margareth Olin, Robert Mood, Inga Marte Thorkildsen, Helene Uri og Åsne Seierstad er nokre av namna som har gjesta Rommetveit.

– Me hentar inn ulike og aktuelle stemmer både nasjonalt, men og frå vår eigen region og frå vår eigen høgskule. Det å få ein god samansetting og miks er viktig, seier Alf H. Aronsen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut