annonse

Til topps i korps-NM

: Fitjar skulekorps ved dirigent Svein Roger Koppang spelte seg i dag til siger i andre divisjon i NM i brass i Stavanger.

Fitjar skulekorps stakk av med sigeren i korps-NM

  • Thea Idsøe

I dag spelte Fitjar skulekorps seg inn til sigeren i andre divisjon i NM i brass. Meisterskapet vart arrangert i Stavanger.
 
- Dei har jobba godt, så dette er superfortent, seier dirigent Svein Roger Koppang som har fulgt skulekorpset i åtte år.
 

  • Les også: Desse er best på øya.
 
Førstepremien består av eit gåvekort på den nette sum av 6.000 kroner frå norsk noteservice, samt eit trofe frå Norges Musikkorps Forbund.
 
 
Fitjar skulekorps var ikkje det einaste lokale korpset som toppa pallen i divisjonen sin. Tysnes skulekorps spelte seg opp på førsteplass i tredje divisjon . I same divisjon landa Rommetveit skulekorps på åttande plass, medan Moster skulekorps kom på tiande plass.
 
 
Stord skulekorps var det einaste skulekorpset i distriktet som deltok på NM i janitsjar i Larvik i helga. Skulekorpset enda til slutt på sjuande plass i andre divisjon.   
 
 
 
 
 
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut