annonse

Tilbyr gratis vaksine til vgs.-elevar

Trygg russefeiring
Trygg russefeiring: Gratis vaksine er mellom anna innført for å sikra trygg russefeiring. No blir det gratis for alle vgs-elevar å vaksinera seg. Her frå russetoget 17. mai 2017. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Det blir gratis vaksine til alle elevar på vidaregåande skular i fylket.

Magne Kydland

Hordaland fylkeskommune spanderer gratis vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse til elevar mellom 16 og 19 år som ikkje allereie er vaksinerte.

Det melder fylkeskommunen i ei pressemelding.

Fire millionar kroner er sett av på budsjettet for å halda elevar friske frå meningitt, også kjent som smittsam hjernehinnebetennelse. Det er særleg barn og ungdom som kan få sjukdommen, som kan vera dødeleg. Tilbodet har tidlegare primært vore gitt til Vg1-elevar, med eigenbetaling på om lag 400 kr, men fylkesordførar Anne Gine Hestetun og fylkestinget ville utvide tilbodet.

– I år tilbyr me vaksinen til alle vidaregåande elevar i Hordaland som ikkje allereie er vaksinert. Er du russ i år og blei vaksinert tidlegare, er du dekka og treng ikkje vaksinerast på ny, seier Hestetun. Vaksinen vil beskytte i ca. fem år.

Før har vaksinen vore elevbetalt. Men i år er det gratis for alle elevar som ønskjer det, om du er russ, går på Vg1 eller Vg2. Også elevar på privat skule får tilbodet frå fylkeskommunen.

– For oss politikarar er det viktig å gjera det me kan for å sikre ei så trygg russefeiring som mogeleg. Dette er eit relativt billig tiltak som har stor effekt, seier Hestetun.

Vaksineringa blir gitt på skulane i veke 6 og 7, med eventuell oppsamling i veke 8.

Kommunane har hatt rutinar for meningokokkvaksinering gjennom fleire år. Det er berre i år tilbodet gjeld alle nivåa i skulen. Vidare vil tilbodet gå berre til elevar på Vg1.

Det er fylkestinget som i desember vedtok at alle elevar skal få tilbod om denne vaksinen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut