annonse

To bilistar mista lappen

Kontroll
Kontroll: Utrykkingspolitiet stod parat med laseren på Raunholm i ettermiddag. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

Utrykkingspolitiet overraska med laserkontroll.

Vidar Hope

Det kan vera freistande å gje gass forbi Raunholm på E39, i håp om å nå den neste ferja frå Sandvikvåg. Kanskje var det dette ærendet bilistane som blei stoppa i dag hadde.

Mellom klokka 12.00 og 13.45 blei seks bilistar bøtelagt for høg fart. Fire av dei fekk forenkla førelegg. To mista førarkortet på staden.

Ifølgje UP var høgaste fart 127 km/t i 80-sona.

Les også: Bilist fråteke førarkortet natt til i dag

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut