annonse

To gjester nekta å forlata utestad i Sagvåg

TRØBLETE GJESTER
TRØBLETE GJESTER: Ein utestad i Sagvåg ringde politiet etter å ha fått problem med to gjester i natt. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Dørvaktene fekk nok og ringde politiet etter at nokre gjester ikkje ville gå.

Henrik Mundal Andreassen

Natt til laurdag varsla utevakter på ein utestad i Sagvåg ifrå om to trøblete gjester.

– Dei nekta å forlata staden, og etter kvart tok vaktene kontakt med politiet, seier vaktsjef Emma Audunsdottir ved Haugesund politistasjon.

Men innan politiet kom til Sagvåg hadde tydelegvis gjestene teke oppmodinga på alvor. For då patruljen dukka opp var dei forsvunne.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut