annonse

To menn er sikta etter innbrot

Funnen
Funnen: Denne motorsykkelen blei meldt stolen denne helga. No er to menn sikta for å ha stole motorsykkelen. (Foto: Politiet)

Politiet har sikta to menn for å ha teke motorsykkelen som blei meldt stolen i helga.

Anita Haugland

Natt til laurdag fekk politiet melding om at det hadde vore innbrot på Leirvik. Ein motorsykkel var blant gjenstandane som var sakna, og politiet bad om hjelp frå publikum. Laurdag kveld kunne politiet i Sør-Vest melda på Twitter at dei hadde arresterte to menn i 30-40-åra, etter at det kom inn tips til politiet om at den stolne motorsykkelen stod på ein bilhengjar dei to mennene hadde med seg om bord på ferja frå Ranavik til Skjersholmane.

– Dei to mennene er sikta i saka, og sit no i varetekt. Politiet vil jobba vidare med saka i dag, seier Camilla Herold, operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt.

Ho seier at politiet er godt nøgde med å ha sikta to personar såpass raskt i saka.

anita@sunnhordland.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut