annonse

To nattferjer innstilt

INNSTILTE FERJER
INNSTILTE FERJER: To ferjer frå Sandvikvåg natt til onsdag vart innstilte. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

Torghatten Nord måtte innstilla to avgangar i natt.

Olav Røli

Avgangane frå Sandvikvåg 02.30 og 05.30 i nattvart innstilte, melder Vegtrafikksentralen. Reisande som skulle over fjorden frå Fitjar-sida måtte difor venta til 04.30, og klokka 06.20.

Det er ikkje oppgjeve kva som var årsaka, men på oversikta over skipstrafikken ser ein at M/F «Huftarøy» ligg til kai i Sandvikvåg.

Les også: Revyartist er rasande på Torghatten Nord

Torghatten har ikkje meldt om ruteavvik no i føremiddag.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut