annonse

Tok med seg vindmølla ut i fjorden

PÅ VEG
PÅ VEG: Her er «Saipem 7000» på veg ut frå Eldøyane. Vindmølla vert ganske lita når ho heng i kranskipet. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
SPEKTAKULÆRT
SPEKTAKULÆRT: På dette biletet, som Sunnhordland har fått tilsendt frå Tarald Nordfonn, kan ein sjå dei svære vindmøllene henga og dingla frå kranen til «Saipem 7000». (Foto: TARALD NORDFONN)

Tilhøva var perfekte for å få løfta den første vindturbinen på plass.

Olav Røli

Natt til måndag vart den første av i alt fem vindturbinar henta på Eldøyane av «Saipem 7000», og deretter frakta ut i fjorden der han vart montert.

– Me hadde rette tilhøve, både med tanke på vind, men også bølgjer, til å starta no i helga, seier Elin Isaksen, pressetalsperson i Statoil.

Sjølve operasjon vart gjort i løpet tre timar, pluss førebuingane. Vêret avgjer kva tid dei neste møllene vil verta montert.

– Det vert vurdert fortløpande, seier Isaksen.

Informasjonssjef for prosjektutvikling i Statoil, Eva Sleire, sa før helga til Sunnhordland at ein håpte å vera ferdig med vindmøllemontering i løpet av den første heile veka i juli.

SPEKTAKULÆRT
SPEKTAKULÆRT: På dette biletet, som Sunnhordland har fått tilsendt frå Tarald Nordfonn, kan ein sjå dei svære vindmøllene henga og dingla frå kranen til «Saipem 7000». Foto: TARALD NORDFONN
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut