annonse

Tok seniorar med på fjellet

KOSTE SEG PÅ FJELLET
KOSTE SEG PÅ FJELLET: Maria Høl Nilsen (17) på VG2 Helsefag (t.v.) var følgjeperson for Astrid Dalen (87), medan Anna Johanne Herskedal Irgens (17) var følgjeperson for Nora Helland (87). Her drøsar dei over ein kopp kaffi. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
FØRSTE MØLLETUR
FØRSTE MØLLETUR: Marta Korsvik Maraas (96) har vore på Midtfjellet før, men ikkje etter at vindmøllene kom. Her med følgjeperson og elev Maria Alsaker (17). (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
GJEKK SEG EIN TUR
GJEKK SEG EIN TUR: Lilly Måge Erstad (17) klappar hunden Vilja (8) til besten Ivar Erstad (68) som gjekk seg ein tur i fjellet denne fine dagen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
KJEKK TUR
KJEKK TUR: Johannes Koløen var Midtfjellet Vindkraft sin kyndige guide i Midtfjellet, her med lærar Mette Lambach på Fitjar VGS. – Når me først har fått bygd ein park her oppe, så er det jo flott å få visa han fram, seier Johannes Koløen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
GULLSTRUPE
GULLSTRUPE: Nils Vestbøstad tek gjerne ein trall på tur. Her syng han på «Tytebæret oppå tuva». (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
REISTE TIL FJELLS
REISTE TIL FJELLS: Anna Johanne Herskedal Irgens (17) var ledsagar for Nora Helland (87). Her sit dei på Midtfjellet Terrasse og kosar seg etter å ha vore på busstur i Midtfjellet Vindpark. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
VARMT OG GODT
VARMT OG GODT: Ein varm kopp kaffi og fersk eplekake smakte godt etter turen på Midtfjellet. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
FULL BUSS
FULL BUSS: Elevar frå Fitjar VGS var med å arrangera seniorturen til Midtfjellet Vindpark der 4 seniorar frå Bømlo og 20 seniorar frå Fitjar vart med. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
GLAD BUSSJÅFØR
GLAD BUSSJÅFØR: John Clausen i Stord turbuss synest turen var heilt topp. - Det er ein utruleg kjekk gjeng eg har køyrt med i dag, seier Clausen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
ENORM UTSIKT
ENORM UTSIKT: Frå Midtfjellet Vindpark er det svært god utsikt utover Fitjar og utover mot havet. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
SÅG PÅ VINDMØLLENE
SÅG PÅ VINDMØLLENE: Seniorane fekk seg ein rundtur med buss i vindmølleparken, og fekk sjå dei store vindmøllene på nært hald. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

+ Elevar ved Fitjar vidaregåande skule tek eldreomsorg til nye høgder.

Henrik Mundal Andreassen


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut