annonse

Torghatten Nord skal døypa fem ferjer på to timar

Kjempedåp
Kjempedåp: Torghatten Nord døyper onsdag alle dei nye ferjene i sambandet mellom Halhjem og Sandvikvåg med tradisjonell dåp, kake og fanfare. (Foto: Marius Knutsen)
Fakta om ferjene

Onsdag 9. oktober skal alle dei nye ferjene i sambandet Halhjem–Sandvikvåg døypast i løpet av to timar.

Hilde Vormedal Nybø

– Aldri før har fem ferjer blitt døypt på løpande band, samtidig som dei går i normal rute. Det er viktig å få døypt alle ferjene på tradisjonelt vis, men samtidig skal me sørgja for å få folk over Bjørnafjorden til oppsett rutetid, seier Torkild Torkildsen, adm.dir. i Torghatten Nord, i ei pressemelding.

Festdag

– Me overtok dette sambandet 1. januar i år, og me vil at dette skal bli ein festdag på alle måtar. Publikum skal merka at dette er ein stor dag for oss, og samtidig skal dei merka at me er svært opptatte av å halda ein tett ruteproduksjon, seier Torkildsen.

Halhjem-Sandvikvåg er Norges tredje største ferjesamband målt i talet køyretøy som brukar strekninga.

I kontrakten med Statens vegvesen har Torghatten Nord fått levert fem nye ferjer i 2019, fire hovudfartøy og ei reserveferje. Ferjene som no skal døypast er MF «Flatøy», MF «Færøy», MF «Huftarøy», MF «Samnøy» og MF «Lysøy». Ferjene har fått namn etter øyar i kommunane Tysnes, Fitjar, Austevoll, Fusa og Os.

Fanfare og kake

Onsdag 9. oktober klokka 13.00 startar seremoniane på Halhjem ferjekai.

– I løpet av knappe to timar skal alle dei fem ferjene døypast etter kvart som dei kjem til kai. Om bord i alle båtane blir det servert kake på overfarten frå Halhjem til Sandvikvåg etter at ferjene er døypt. På Halhjem er Os Musikkforening klar med ein spesialkomponert fanfare som skal spelast når ferjene blir døypt, skriv reiarlaget i ei pressemelding.

– Me ønskjer alle hjarteleg velkommen til å vera til stades når ferjene skal døypast, seier Torkildsen.

I tråd med krava i anbodskonkurransen av Statens vegvesen, er ferjene klimavennlege, og går på ein kombinasjon av gass (LNG) og batteri.

– Ferjene er bygt med eit stort bildekk, som sørgjer for ein effektiv og sikker om bord- og ilandkøyring, skriv mellom anna Torghatten.

Reiarlaget, som har til saman 40 ferjer og hurtigbåtar, 625 fast tilsette, og hovudkontoret er i Tromsø, fekk ein trøblete start på sambandet. Ingen av ferjene var klare ved årsskiftet og fartøya som blei leigd inn greidde ikkje å halda rutetidene.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut