annonse

Torsdag blir det storm på Vestlandet

Friskt
Friskt: Vêret me får på torsdag står i sterk kontrast til det me har opplevd dei siste fire vekene. (Foto: Meteorologisk institutt)

Enkelte stader i Hordaland vil få full storm.

Vidar Hope

Torsdag er det venta storm og svært kraftige vindkast på mellom 25-35 m/s i Hordaland og nordover kysten.

– Fest alle lause gjenstandar! Trampolinar er særleg utsett, åtvarar Meteorologisk institutt på Twitter.

– Årsaka er at lågtrykket som kjem inn frå sør på torsdag er blitt ganske kraftig og utviklar seg til eit stormsenter. At me får noko slikt inn her midt i juni, er svært uvanleg, seier meterolog Kristin Seter ved Meteorologisk institutt til Yr.no.

På det mest intense kan ein venta vindkast på 35 m/s styrke, som tilsvarar orkan.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut