annonse

Trafikkuhell ved Litlabøkrysset

ULUKKE:
ULUKKE: Tre bilar var involvert i ulukka. (Foto: -)
STORE SKADER:
STORE SKADER: Nokre av skadene på bilane var store. (Foto: -)

Ingen alvorleg skada.

  • Ole Alexander Saue

Tre køyretøy, ein bubil, og to personbilar, køyrde i kvarandre ved Litlabøkrysset like før klokka 18:00 fredag kveld.

– Fem personar vart sendt til sjukehus, seier Andre Skram Hansen i Sør-Vest politidistrikt til Sunnhordland.

Ingen ser ut til å ha pådrege seg alvorlege skader.

Politi, brannvesen og helsevesenet rykka ut. I ein drøy time etter ulukka vart trafikken dirigert av etatane på staden, men vegen vart raskt opna for fri ferdsel.

Det er ingen mistankar om at førarane var påverka av rus.

osaue94@gmail.com

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut